onsdag 19. mars 2008

No er det påske!

Snø! Påskesnø! Mykje påskesnø!
Dette er historia om snøen frå påskefjellet som kom ned til meg!

Den la seg i lag på lag ut over den vårklare plenen min. Det gjekk ikkje lenger å rusle rundt på plenen og sjå etter vårspirande blomster. Eg stampa meg gjennom djup snø! Då kom eg til at her måtte det lagast vei! Har måka litt kvar dag, i dag var det egentlig den kjekkaste dagen!



For kva gjer påsketuristane på påskefjellet??? Dei måkar snø, ser på sola, har på solbriller og nyt naturen. "Kvifor akkurat der, kvifor ikkje her??? " tenkte eg der eg gjekk og måka. Eg hadde det heilt fortreffelig på PÅSKEPLENEN min!
Flott ver, kort vei til alle fasiliteter, kunne søke ly når eg ville, matlageret på plass, full mobildekning og kort vei til bilen!!! Supert!
Sola skein litt over ein halvtime då eg var ute, og det er vel rekord denne veka!


Det var den rette påskekonsistensen på snøen, litt tung, våt, men eit tjukt lag som eg godt kunne ha laga ein stooor påskekylling av! Og måla den gul med vannfargar!


Litt travelt var det. så spaden måtte ha seg ein kvil innimellom.



Og under her er det mange påskeliljer......


Trappa opp til PÅSKEPLENEN!



Påskehimmelen var blå ei lita stund i dag, men snøbygene stod og venta i vest....

Sola!!

Høgt og flott stod sola og skein på påskebloggaren som kosa seg i påskeveret...


Og når den blå timen kom, har eg komt meg trygt inn , har fyrt på lys i vinduet, lagar god mat og skal kose meg skikkeleg med
AFTER "PÅSKE-PLENING"!

6 kommentarer:

Husflidstausa sa...

Ønsker deg ei riktig god påske. Om du blir lei av all påskesnøen, kan du jo ta deg ein tur til kysten, der er snø sjeldan kost!!

Tiril sol sa...

Å, heldige vi som slepp å gå på ski!
Eg skal jobbe litt på hytta og innimellom ein tur til Mørekysten, begge deler uten snø:-))
Riktig God Påske til deg og dine.

ELIN - "The quilt maiden" sa...

For eit morosamt innlegg! Einig med deg i at det kan vere godt å vere heime med alle fasilitetane rundt seg... Og i morgon blir det styggever, såg eg på meldingane. Jaja, God påske til deg og dine!

Karna sa...

Huffameg....her sludder det, og er helt ufyselig, godt jeg kan holde meg innendørs.

Håper solen titter frem hos deg i dag også, slik at du kan nyte påskesolen.

God påske!

Ida sa...

God påske i snøen! :)

Anni sa...

Vil da også ønske dig en rigtig god påske i snemasserne, her er det regnvejr men vejrudsigten siger sne i morgen, sikken et påskevejr.