fredag 21. mars 2008

Chicken & Bunny

Det er stadig nye aktivitetar på PÅSKEPLENEN min! Og vi går heller ikkje tom for påskesnø!! I går fekk vi meir påfyll, og då er det berre å sjå positivt på alt det kvite frå oven!
Ja, det var iallefall kvitt i starten her på plenen. Våre nygifte turtelduer har bruk for å lufte seg litt av og til, så ei lita bryllupsreise til PÅSKEPLENEN gav kjemperesultat.

For mange år sidan var the Bride med på påsketur til mine foreldre si hytte, der laga vi ein kjempekylling på ein utsiktsplass. Vi måla den gul med fargepulver, og den fekk mykje oppmerksomhet der den stod og såg på alle påsketuristane. Med denne i minne, så fann dei nygifte ut at dette passa akkurat å prøve igjen.


Ein KJEMPEJOBB!!! Begge figurane er ca. 2 m høge. Etter kunstferdig forming , så hadde the Bride laga kylling og the Bridegroom laga ein gigantisk american pink Bunny. Og Bunnyen har knabba eit egg frå kyllingen (eg prøvde å forklare at det er høner som legg egg, men kvite høner er altfor kjedelige i fargen!!)

Mor blanda hobbymaling med vatn, og så fekk dei male (spraye på ) figurane med farge!





The Bride passar på eitt av egga!


Men Bunnyen har klart å få tak i eitt!


....og kyllingen har ikkje oppdaga det enno, han ligg fredelig og nyt påska. Det nærmar seg ein liten påskekrim her no.....

(figurane står nær ein bilveg med ein del trafikk, så dette vart ein liten påskeattraksjon for bilistane!!)
...Og Bunnyen er veeeeldig fornøgd med fangsten!


Om kvelden vart det fyrt i grua i eldhuset vårt, og dei nygifte kosa seg ser med venner og noko attåt!



Så konklusjonen er,...... vi har då kjempepåske om vi ikkje skal reise av garde til det berømte påskefjellet!!
PS! I dag ser det ut til at sola kan lyse opp litt igjen, den prøver og prøver, men er enno berre eit sterkt lys gjennom kvitgrå skyer.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Fantastisk!!

Aisha sa...

Hi Juliann, I like your blogsite even if I can't understand it. Photos of the chicken and bunny are really cute.

Gry sa...

Skikkelige kunstverk jo! Skjönner godt att folk stopper opp og
ser ;-)

Ha en fortsatt God påske!

Klem Gry

Mallemor sa...

Det er heldigvis ikkje heilt nødvendig og reise til fjells for å ha påske moro. Berre ein har fantasi kan ein avstedkomme mykje sprell og moro. Ha ei forsatt god påske. Her spreller det lite og fantasien er heilt tørrlagt. Påskefri fra øverst til nederst.....

Anonym sa...

Knallfine snøfigurer,smart med fargen, tenker det er mange som stopper og kanskje tar bilder:) Ha en flott søndag. Anita

pip sa...

Fantastiske sne påskefigurer, har aldrig set magen sikken en kreativitet og en masse sne der er, fortsat gode påskedage.

Anonym sa...

Så herlige snøfigurer dere har laget i påsken, kjempefine :)