Så vart det ein liten bloggepause som blei berre lenger og lenger, utruleg kor mykje ein av og til må gjere først!! Eg har ikkje lagt på sofaen denne tida nei, tvert imot, full jobbing på desse mørke januardagane, først full rulle på jobben og så er det jobb nr 2 heime! Ingen oppvask som stikk av, og heller ingen klevask som gjer det! I dag har eg vaska 3 maskiner med handkle og er så vidt begynt på ei maskin med andre kle, og det minkar ikkje i klehaugen i det heile! Berre tørkeplassane det minkar på! Det merkast godt med 6 aktive personar i heimen ja!
Sist helg og denne veka har alt som heiter jul blitt fjerna, eg tykte ikkje at eg hadde pynta mykje, men du verden kva eg finn her og der, noko heng i vindu, noko står i ein gang, noko i ei trapp, litt dukar her og der og litt blomsterdekorasjonar skal vekk, iallfall dei raude pottene!

Forige helg rauk juletreet ut, og etter at eg hadde fjerna all pynten, såg det slik ut på golvet under treet!

Kulelageret mitt!

Og 3 stk nissar passar på resten av pynten til juletreet.

Det går i rydding og rydding her hos meg no i januar. Eg hadde det som eit lite nyttårsforsett, får sjå kor lenge det varer, men hittil har eg fått gjort mykje innimellom synest eg.
I sykroken min bugnar det av stoff og kaos, og då eg sydde ein del før jul, var det ei skikkeleg salatblanding av stoff og dill-dall og alt mulig!! Til slutt fann eg ingen ting igjen. Eg måtte alltid leite etter ting eg skulle ha, og slikt øydelegg kreativiteten min.

Torer ikkje å vise anna enn bossposen min!!



Og den eine UFO-en etter den andre dukka opp! Inspirert av Haldis og Lappetausa har eg no i tillegg bestemt meg for å gjere ferdig ein del arbeid litt etter litt. Skal snart vise fram noko her på bloggen trur eg.
1 kommentar:
Det var koslig å ha deg tilbake. har savna deg. Eg og skal hive meg på UFO bølgen igjen, men tør ikkje snakke så veldig høgt om det. Skal røpe den 19 februar om det har skjedd noko.
Legg inn en kommentar