måndag 17. desember 2007

YESSS!


Eg eig ein Ektorp!! .......Men må seie at eg har jobba litt for den også! For det skal ikkje vere enkelt å bu i distriktet, vel, enkelt på ein måte om ein ikkje ser på pengane då. No når mykje er samla i dei store byane, vert det forholdsvis dyrt for oss å skaffe oss varer og tenester, vi bur så langt i frå alle store byar (Sogn og Fjordane) at når vi skal bestille noko, så er prisane som om vi budde på Nordkapp! Max gebyr for oss versågod!


Den billige Ektorpen hadde eg tenkt å bestille og få sendt frå td. Bergen som er nærmast, tok så og sjekka frakta til her eg bur, og fekk bakoversveis då eg såg det: KR 2990!! Det er vel ingen som reknar med at eg ville betale denne summen for frakt av ein sofa. Prisen er sikkert ok den, om eg hadde td. bestilt meg eit heilt kjøkken, men ikkje 150% høgare pris for frakt enn for sofaen!


Dette kan ende med distriktspolitikk om eg ikkje sluttar no, så no skal de heller få høyre resten av dagens hendelser.


  • Ca. kl. 13: Eg ringer Ikea på Furuset i Oslo for å sjekke lagerbeholdning der: ca 119 sofaer på lager. Dei kan ikkje reservere for evt. henting seinare, det som er kjøpt ein dato, må hentast same dag, ellers så blir vara solgt neste dag.

  • Har så kontakt med son min som bur i Ski om han kan ordne dette for meg(førebudde han i går kveld)

  • Han lurte på om han kunne ordne det i romjula sidan tilbudet varte ut året, så eg ringer Ikea litt seinare.

  • Kl. 16 Eg ringer Ikea og spør om kjøp i romjula, får då til svar at er lageret tomt, så er det tomt! Først til mølla opplegg! Eg spør samtidig om ho kan sjekke beholdninga no, då er der 87 att! Dvs. dei har selt 30 stk på 3 timar!! Jøsses, jammen er det mange som ønsker seg ein slik sofa!!

  • Kl. 20 Eg får beskjed om at sofaen er kjøpt og betalt!! Men den blir ståande i Ski til ut på nyåret ein gong, men det hastar ikkje, for no veit eg at det går mot LYSARE TIDER på mange måtar!!!

Så no er rådet mitt: Skal nokon ha ein slik sofa, så LØP OG KJØP FORTAST MULIG!!!

4 kommentarer:

Haldis sa...

GRATULERER!

Elin sa...

Gratulerer med sofaen, håpar du får glede av den. Og snill ektemann har du, det veit eg no, hehe!

Ida sa...

Gratulerer! :)))

MITT FARGERIKE sa...

Heldig, du som fekk tak i sofaen du ønska deg sjølv om det vart litt att og fram.