tysdag 18. desember 2007

Krystall-kaldt!!

Å huff kor kaldt det har vore lenge no, men du verden for nokre nydelige dagar og netter vi har hatt dei siste 2 vekene. Ein fantastisk stjernehimmel om natta, enkelte morgonar har vore heilt nydelige med austhimmel som startar i guloransj farge og går over i blått. Slik var det i dag tidleg då eg var ute og køyrde, og tenk om eg hadde hatt montert kameraet mitt på dashbordet, då kunne de fått sjå eit fantastisk bilde,...... som berre eg har i hovudet mitt!!


Enkelte dagar har herr Rimfrost jobba hardt, men med fantastisk resultat så det knasar og glitrar. Og når sola reiser vidare mot USA ut på ettermiddagen, må ein berre nyte dei flotte raudlillaoransje (!!!) fargane, det varer berre eit øyeblikk, så om du ikkje har kamera der og då, ja så er det for seint like etterpå!! Vil de sjå fine bilder, kan de kikke på bloggen til Mitt Fargerike, ho har fanga både morgen og kveldslyset!


Så i dag har eg shoppa meg ein diger snøkrystall, ca 25 cm i diam. , litt symbolsk også i denne kalde førjulstida, men den var skikkeleg fin også. Matilda på veggen ser ut til å vere veldig fornøgd med handelen min iallefall.... (Uff, no ser eg jammen at ho treng seg vinterkåpe, kanskje har Tildaboka mønster på ei som passar?)



Eg skal henge den opp i eit vindu så den får lys på seg, men bilda på bloggen her er tekne no i kveld i lampelyset.

2 kommentarer:

pip sa...

Meget flot snekrystal du har købt, den er sikkert flot i vinduet, når lyset skinner i den, du ønskes en rigtig god jul.

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg er så imponert over alle dei fine innlegga du har hatt no i desember!