Eg er med i ein Quilteklubb og neste gong vi samlast, 4. des., skal vi ha koselig julemøte med god mat og noko "julete" å gjere på. Denne gongen er det eg som skal vere ansvarleg for aktiviteten, og no driv eg og kosar meg og førebur det vi skal lage: JULESTRØMPE!
Eg har ei frå før som modell, den har eg applikert motivet på med maskin. Dei eg skal lage til no skal syast for hand.
Men eg likar å finne på noko nytt også, så no har eg leita litt på nettet for å finne motiv til 2 andre julestrømper, ei i blått og ei i grønt. Har funne litt i ei bok òg, så no er det berre å setje seg til å sy ferdig modellane så dei ser tiltalande ut. Skal legge dei ut på bloggen her når dei er klare, nokre av klubbmedlemmane kikar nok også innom her, så eg håpar dei synest dei har noko å gle seg til.
2 kommentarer:
Gleder meg til å se de ferdige julestrømpene. Vedder på at de blir fine.
Dette var skikkeleg mysigt, som svenskane seier (trur det er eit positivt uttrykk, hehe...). Må prøve å kome meg utover den 4. des. Har ikkje vore aktiv i haust, anna enn på DJ-sida! Gledar meg! Det er vel klubbhuset,eller? Noko anna eg burde vite?
Legg inn en kommentar