fredag 21. september 2007

Loppisar

I ferien var eg så heldig å dumpe bort i eit loppemarked, ja eg var heldig, for det skulle stenge om en 1/2 time , og restane skulle gå ut for kr 20 pr pose!!


Dette var i Haverdal i Halland, i nærheten av Halmstad. Slik er det når ein vel å køyre dei små vegane og ikkje durer i full fart på E6, ein oppdagar plutselig mange kjekke ting langs vegen. Slik var det denne dagen også.


Eg fekk meg eit bærenett som eg kunne plukke opp i det eg fann, og for dei 20 kronene fekk eg mange skattar må vite! Skal vise dei seinare ein gong, men her er 3 av tinga, eit fat i sølvplett, og to sett med salt og peppar. (lyslykta har eg kjøpt på ein interiørbutikk i Ålesund)


Det eine settet har blått glas inni,-veldig fint når det får lys på seg. Akkurat det settet var det ein eldre mann derifrå som ville at eg skulle ta med meg. Eg stod ved sida av han, prata litt og sa eg skulle ha med meg dette som souvenirar til Norge, det tykte han var kjekt!

Ingen kommentarer: