fredag 21. september 2007

Fridag fredag!

Tenk ein etterlengta fridag! Herleg å vere heime og styre med alt og ingenting heilt i fred, ingen som spelar "dunk dunk" så eg må banke i dørene, berre det eg vil sjølv! Har no sett/høyrt Frokost-TV snart 2 gongar!!


Har ei nøttekake i ovnen no, veit ikkje heilt om den skal få eplemos og krem på seg eller om eg skal har yoghurtfromasj på.....
Får sjå om det kjem bilde av ferdig kake seinare!
Og så har eg no kikka på ein del bloggar i dag då, vanskeleg å unngå det.....

Ingen kommentarer: