søndag 9. september 2007

Ålesund

Dette bildet har eg lånt frå sida Visit Ålesund.

Her har eg laga ein liten bildeserie frå vakre Ålesund, den unike Jugendbyen på Nordvestlandet. No i sommar var det ei avstemming på Reiseradioen om kva som er Norges vakraste by, og Ålesund vann den bykampen,- med rette!! Bilda eg har teke har med berre nokre få av dei fantastiske motiva som eg såg på vandring i gatene ein fin dag i august. Ved ei av kaiene låg det ein stor turistbåt og i gatene myldra det av engelske turistar. Det var då eg kom på at no kunne eg late som at eg også var ein av desse turistane, så dermed stod eg og knipsa bilder både her og der, og ingen ana vel at eg var berre ein vestlending! Litt moro å leike hyperfotograferande turist!Pynt på pynt, heilt utruleg kor mange fine detaljar, eit heilt hus med fargar og motiv, lurer på kor mange detaljar det finst på berre eitt hus...., tenkt kor dekoratøren og arkitekten har leika seg her!




I sundet finn ein både fiskebåtar, norske og utenlandske mindre båtar av alle slag. Dei store båtane ligg på andre kaier som snur ut mot fjord og hav.




Dette er Ålesundet, eit smalt sund mellom øyar, no knytt saman med bruer. Men sundet er nok sikkert "åletrangt", sikkert der namnet kjem av også! Eg er ikkje flink i historia til byen, så det er best at eg skriv minst mogleg, skal heller legge inn litt linkar her seinare så de kan finne rett info.







Det typiske for denne spesielle Jugendstilen er alle dei vakre utsmykningane, her er roser og ornament i alle slag. Heilt fantastisk!! Eg veit ikkje om vakrare pynt enn på desse husa, men så har eg no ikkje vore så mykje ute i den store verda då. Men treng ein det?? Berre reis til Ålesund så klarer ein seg!!


Nesten som pynten på ei marsipankake!!






Lurer litt på korleis dei i praksis laga denne pynten, høgt oppe under tårntaket!





Håper at dei bloggarane som veit litt om Ålesund vil tipse meg om linkar eg kan legge inn på sida, men eg skal leite litt på nettet for å sjå kva eg finn. Håper at byen får mange "blogg-turistar" heretter!

LINKAR:





3 kommentarer:

Husflidstausa sa...

Her var det mange fine bilder å sjå. Skal sjå turismen går rett til værs etter dette. Ålesund er jo berre byen over alle byer!

Anonym sa...

Heisann Juliann.
Nå har jeg sendt deg en e-post med logo, forhåpentligvis duger den??
Kjekt å se bilder fra Ålesund. Har vært der to ganger og det er en nydelig by. Var i bryllup i gamle Borgund kirke for mange år siden, skikkelig nydelig kirke og mange koselige folk fra Ålesund..Vi storkoste oss!!
Du må ha lykke til med logoprosjektet ditt. Regner med at vi får ta en titt når du er i havn?

Anonym sa...

Skal forsøke å sende eposten en gang til jeg. Jeg har allerede speilvendt logoen så det er bare til å printe rett ut..Ikke vanskelig i det hele tatt. Lykke til!