laurdag 8. september 2007

Angelina

For eit par veker sidan var eg på eit triveleg og lærerikt kurs med Nordfjord Lappe- og quilteklubb. Vi var på Øyberg seter på Strynefjellet og hadde Siv Smørdal som kursholder. Ikkje eit ordinært quiltekurs akkurat, dette vart meir i stilen Quilt-art, noko som passa meg perfekt.



Vi lærte å bruke Angelina, eit ull-liknande kunstfiber som vi både blanda fargar av og "smelta" med strykejernet. Lærte også om Tyvek, eit kunststoff som bla. konvoluttar er laga av, dette måla vi på før vi også varma og "smelta" det, og etterpå så sydde vi på det!!




Har her lagt ut mine bilder, på linken NLQ Photo finn de bilder frå heile kurset.

Ingen kommentarer: