måndag 10. september 2007

Feriemimring frå nydelege Smøgen!!

Etter 5 veker utan trådlaust nettverk er eg no i sving igjen, ikkje noko kjekt å sitje v/første stikkontakt i huset i ei mørk kjellarstove og styre med pcen! No er eg tilbake i kontorkroken min, litt enklare å slenge seg ned på stolen av og til når det er rett ved stove og kjøkken,- og litt varmare!

Det var pga mangel på varme at eg no måtte fram med feriebilda mine for å sjå sol og varme. Sommaren i år går vel ikkje inn i historia som ein av dei varme, det har omtrent regna dagleg her på Vestlandet sidan eg kom heim i slutten av juli,- lite slitasje på sommarkleda som skulle nytast....

Som vanleg går ferieturen vår nedover Svenskekysten, med besøk i mange av kystperlene som vi aldri vert lei av å reise til. Har vore i Smøgen fleire gongar, men blir ikkje lei av den frie sommarstemninga der, båtliv, sjøluft, små sommarbutikkar i kvar ein krok som kan vere butikk, ein sjarm som berre er typisk sommar (og sikkert heilt borte no når det er blitt september).

Der er også mange utsal for all slags sjømat, det tok eg selvfølgelig ikkje bilde av, men eg tok av det som eg kjøpte, ei skikkelig sulig RÄKMACKA! Å den smaka godt!! Må berre prøvast igjen neste gong.

Smøgen er ei lita øy heilt ute i havgapet nord for Gøteborg, den er knytt saman med bru til fastlandet med tettstaden Kungshamn rett ved.

Plassen er ein typisk sommarplass, det kryr av turistar der og er å rekne som ein liten hamneby for båtturistar frå mange land, men sjølvsagt mest svenskar. Fleire hundre båtar ligg langs kaiene i sentrum, dei ligg i ro der nokre dagar før dei dreg til neste hamn.

Det er trapper frå parkeringsplassen som går heilt ned til sjøen, lett å gå ned, men du verden kor tungt det var oppatt,- sikkert fleire hundre tunge trinn!!

Dette er Kungshamn, ein liten Heilårsby!




Utsikt mot nordvest, bildet er teke frå brua.

Øya Smøgen









Og stokkroser selvfølgelig!


Butikkar bak kvar vegg...







Idylliske bygningar...





Tett i tett med båtar, her må ein gå over 4-5 naboar før ein kjem opp på kaia, og dei må vel avtale litt korleis dei skal komme seg ut i åpen sjø igjen...... er ikkje båtvant eg, men det er artig å sjå korleis dei har det.


Eit par UTLENDINGAR

Her er det kreativ butikkvirksomhet altså!!

7 kommentarer:

Elin sa...

Å dette var herlege bilder! Begynte å sleve av det rekesmørbrødet.....
Er du medlem av granny-along, det er ein flott link du har der. Korleis fungerer det? Ja, no skal altså ikkje eg melde meg på meir, den tildaalongen blei ein fiasko for min del, har mista sjølvtilliten på det, for ikkje å snakke om dj-blokkene, eg trur eg må sy dei opp att, for her skal det vel vere perfect?

Emmeline sa...

Så deilige bilder fra en svunnen sommer. Er så spent---fikk du e-posten? Den kom ikke i retur nemlig, ikke noen av gangene faktisk!

Anniche sa...

MmMMMMmmmmm, nydelige sommerbilder!

Malinken sa...

Har gått meg hus forbi at hun har slettet bloggen sin. Så dumt! :-( Håper hun dukker opp igjen på blogspot (eller et annet sted)
Skal gi deg linken hvis jeg ser noe til henne.

Nyydelige sommerbilder du har tatt forresten! :-)

Ida sa...

Flotte bilder fra nabolandet. :)

Marie sa...

Ser ut som om du har hatt ein fin sommar. Nydelege feriebilete!

Merethe sa...

Flotte bilder fra svenskekysten. Ja de har mange flotte steder som man kan legge til med båter.

Ellers så har eg ikke begynt med veskene fra Amy. Har ikke tenkt over dem. Men eg får ta dem opp, og begynne å se over mønstra.
Det er også hvilket stoff man skal sy veska av. Vet ikke det en gang.
Det blir nu ofte at man kjøper mønster uten å bruke dem...
Har du funnet noe stoff til dem, ønsker eg gjerne å høre om det. :o)