søndag 16. september 2007

Ballband Dishclothes

No har eg endeleg fått prøve ut mønsteret til Ballband Dishclothes på skikkeleg. I sommar strikka eg dei 2 bakerste klutane medan vi køyrde på ferievegar, men hadde ikkje bilde å sjå etter, så då eg kom heim så oppdaga eg at eg hadde laga min eigen variant. Litt artig det også.



Men no har eg strikka ein til, i det "rette"mønsteret. Spørst berre om eg kjem til å bruke dei til å vaske med,..... nokre veninner oja seg om meinte det burde vere grytelappar!

1 kommentar:

Elin sa...

Vask i veg, ikkje høyr på veninnene...