søndag 5. august 2007

Rockin´ Girl Blogger

Om de går inn på bloggen til Lappetausa så vil de finne at ho har nominert meg i lag med 4 andre til noko som kallast Rockin´ Girl Blogger!! Ikkje skjøna eg kva dette betydde og ikkje kva det hadde med Rock å gjere, men takk til Lappetausa for fin omtale!




Har aldri følt meg som nokon rockar heller, så eg tykte ikkje at dette var heilt meg,...... inntil i NATT! Då var eg vakt under Malakoff Rockfestival, og gjett om der var trøkk! Denne kvelden og natta var prega av decibelar som låg langt over 100, øyrepropper og mykje flott ungdom og vaksne ikkje minst!! Nokre gongar stod eg rett foran scena, og det føltes som eg hadde påmontert ekstra hjertestartar, det dunka tvers igjennom meg! Og eg er sikker på at hamburgeren som eg åt vart skikkeleg knadd i magen min. Ein lærerik kveld, lærte mange nye namn på rockeband som eg aldri hadde høyrt om, td. SKAMBANKT, ei gruppe som lever opp til namnet sitt med rette, her vart ein skikkeleg skambanka av rytmer og høge decibelar!!




Bilda har eg lånt frå Fjordabladet


Men der var mykje fint å høyre også, skulle berre mangle, gitarsoloar, Jim Stark, og Åge Aleksandersen var der kvelden før og laga kjempeliv. Og ikkje minst så var der fantastisk mykje flotte lyseffektar å sjå. Eg har jobba litt med lyseffektar i samanheng med drama tidlegare, så eg vart ståande fasinert å sjå på lyskjegler i ulike fargar som leika seg i lufta i lag med scenerøyken! Kjempeflott!

Ta ein kikk på heimesida til festivalen, så finn de mykje info der.

Så no Lappetausa, no er eg kanskje litt meir Rockin` girl enn då du laga innlegget. Ein kjempekjekk kveld og natt, og om eitt år så brakar det laust att!

6 kommentarer:

Haldis sa...

Har ikkje dårlig samvittighet for eg lokka deg til vakt etter denne omtalen.Eg synest det er veldig kjekt å vere vakt på dette arrangemanget, tredje året mitt.Heilt sikkert ikkje det siste, mykje kjekk ungdom samla.Fekk mange kommentara at det var trygt med så mange voksne der av ungdommane.

Elin sa...

Dette var veldig flott å høyre, endå betre som rocking girl blogger no! Skulle ha vore der, skjønar eg. Eg stod i ferjekø fredag, og det tok si tid, så det var kanskje Åge A. som trakk så mykje folk? Men du, no når vi begge er slike rockejenter, kanskje vi skal møtast i Malakov neste år? Eg har jo ein nevø som spelar kvart år, men eg har aldri vore og sett og høyrt. Er spent på kven du nominerer vidare...

Ida sa...

Du rocker....!! ;)

Uppe på vinden sa...

Tack för titten på min blogg! Stranden på bilderna är Frösakull, i Halmstad på västkusten! Ha det så bra! Kram!

Pernilla sa...

Hoppas det går bra för din dotter i USA. Vad spännande! Och hoppas du kommer att vänja dig vid att hon är långt borta! Man får tänka på att man börjar nå målet med hela uppfostran – när de faktiskt börjar kunna klara sig på egen hand och bli självständiga. Ha en bra dag!

Granne med Selma sa...

tack f�r underbart inspirerande blogg om lappteknik!
Ska titta mer p� bilderna nu :-)
Klem