tysdag 14. august 2007

Over there........



Ikkje noke særlig bloggefart på meg for tida, akkurat no er tankane mest i Usa der dattera mi nettopp er begynt på sin 3 mnd lange bilferie. No er ho i New York, bur midt på Manhattan på eit hostel, berre 4 "streeter" i frå der Al Caida har truga med bomber......, ikkje noko særlig å tenke på det! Typisk når ein har nokon på tur, så skjer det noko som ein må engste seg over heile tida.

Til høgre er det bilde frå Time Square.

Men det er visst daglegdags med bombetruslar der borte har dattera mi skjøna, omtrent like vanleg som når dei melder regn her på Vestlandet! Og ho berre ler når eg seier ho må unngå kjøpesenter, t-bane, skratta høgt då eg sa ho kunne finne seg ein sykkel......

Legg inn nokre berolegande og solrike bilder derifrå, så kan vi heller tenkje på noko hyggelig!
Desse bilda er visst frå Central Park midt i byen, kjekt å sjå så stor plen midt oppe i alt det grå og støyande!

Fotograf: dattera

6 kommentarer:

Smultronstället sa...

Du undrade vad fläder var och det är helt riktigt att det är blommorna från en buske. Vita klasar med blommor som till hösten blir till svarta bär. =)

Haldis sa...

Flotte bilder, tenker ho koser seg der borte. Stor draum blir oppnådd!

Mallemor sa...

Det er vårt lodd her i livet, å bekymre oss unødig over desse ungane våre.Eg er berre SÅ takknemlig for at PE ikkje reiste til Afganistan.

Elin sa...

Det går nok bra skal du sjå, men eg forstår deg og bekymringane dine veldig godt! Du må prøve å glede deg på hennar vegne, tenk å få sjansen til å utforske USA!! Du har vel sendt med nokre adresser og handlelister...hehe.....

Ida sa...

Ønsker dattera fortsatt god ferie i USA.
For en opplevelse.
Og mora er med henne i tankene.
Vi mødre er flinke til å bekymre oss. Bekymringene er tegn på kjærlighet.
Jeg har flere nieser som har reiset verden rundt. På skoler osv. Fra USA til Afrika osv.
Det har gått bra. De har kommet hjem med mange fine opplevelser.
Opplevelser som har gjort dem til mer tolerante og trygge mennesker.

Koselig koselig sa...

hei hei, åh det er så fiiint i Ny York! vi skal tilbake!!! vi var der i april, se hos meg under etikett new york. storkoste meg der og det var så hyggelig der - men bråkete ;)håper datteren din har det bra over there :)