tysdag 1. mai 2007

Vakre Ytre Nordfjord

Ein strålande 1.mai på Vestlandet, ein dag då ein kan gjere alt mogleg og samtidig ha søndag...., hos meg vart det litt av kvart. Brødbaking mm. og litt arbeid i hagen formiddag, men ettermiddagen vart sett av til ein flott tur vestover i Nordfjord.















Her hos oss er det mange fjordar og sund, så ferjetur er noko vi ofte må berekne når vi skal på tur her. I dag køyrde vi vest til Måløy der vi tok ferja over til Oldeide i Bremanger kommune. Ein flott tur mellom smale sund, øyar og holmar og med sikt rett ut i Nordsjøen! Nydeleg og forfriskande tur!




Her er utsikt frå Oldeide og nordover mot Måløy.



Utsikt frå Oldeide og innover Nordfjorden.






Havsutsikt frå Bremanger.








Tettstaden Kalvåg ytterst på Bremangerlandet er som ei lita Sørlandsperle med hus tett i tett og fullt av båtar rundt den lune vika. Fiske er ei viktig næring her ute ved havet. Om sommaren er her fullt av turistar og her er mange rorbuer som vert leigd ut.















På Knutholmen restaurant heilt i sjøkanten inne på hamna hadde vi oss pause og kosa oss med is i solveggen. Gradestokken viste 16 grader der ute og der bles ein svak varm bris. Det kan nesten ikkje bli betre midt på sommaren heller!!



Havsutsikt rett vest i storhavet, her er den vesle bygda Liset med 4 hus.

Utsikt sørover mot Florø, bildet er teke frå brua som går over sundet til Kalvåg.



Hornelen!! Europas høgaste sjøklippe som ragar heile 860 m over havet! Og tett ved så køyrer vi i tunnell under sjøen!! Litt skummelt det, for det er bratt bakke ned og like bratt oppatt, 1860 m lang tunnell. Alltid godt å sjå lyset i den andre enden av tunnellen!








5 kommentarer:

RedRobin sa...

Så utrolig vakker natur du omgir deg med! Nei, det finnes virkelig ikke noe vakrere enn Norge. Sånn helt objektivt naturligvis... hihi... :o)

Ha en fin onsdag, håper finværet holder seg også hos deg!

Bim H-D sa...

Oj, vilka härligt vackra bilder!!!
Ska bara ta och byta från Firefox till IE och se om det blir mer ordning på inlägget. Bilder hamnar utanför bloggen ibland för mig - vill ju se alla! ;)
Må så gott... värmländskan... kramis och sköt om dig...

Ida sa...

Vakre bilder av vakker natur. I Norges fineste fylke. Sogn og fjordane, helt subjektivt sett... ;)

Simonetta sa...

Thank you for your beautiful photos!!!! I love your country :))))

Sol sa...

Hallo.Så moro å se bilder fra Måløy og Bremanger. Moren min kommer fra Bremanger,og jeg har tilbragt alle mine sommerferier som barn og ungdom der ;-} Jeg har også bodd i Måløy og i Selje.Koselig blogg du har,moro å oppdage nye blogger.
Vennlig hilsen meg.