fredag 4. mai 2007

Pelargonia-familien min!

No er siste tilskudda mine i pelargonia-familien komne på plass, i går kom dei 3 siste stiklingane eg har venta på. Eg bestilte dei hos Pelargonia.no, og eg er veldig fornøgd med dei så langt. Er sjølvsagt mest spent på blomstringa, men dei lyt vekse sjølve, eg kan berre gje dei "mat og drikke" og sjølvsagt varm omsorg! Dei siste dagane har det vore solrike dagar her, så då har eg hatt dei ute på verandaen, men om kvelden er det innatt! Det er litt fullt på stovegolvet mitt no når alle plantane mine har fått større potter, og må dele på plassen med litt tomatplantar, squash,solsikker og tagetes,- men det er ein overgang dette òg.....


Eg har henta bilder frå nettsida til Pelargonia.no, så her er dei sortane som eg ventar spent på:





Appleblossom Rosebud


Dronning Ingrid


Holmøn


Langelandsrosen


Mårbacka

2 kommentarer:

Anonym sa...

Dei var flotte. Spent på å sjå dine ut på sommaren.

Små Gleder sa...

Hei. Jeg har en utfordring til deg i bloggen min.:-)
Ha en fin helg!