søndag 6. mai 2007

Blomster i min hage


I dag regnar det hos meg, så då passa det fint å pusle litt ved pcen. Det blir ikkje så mange innlegg når vi har flott ver, for då prioriterer eg å vere ute, og der har eg rikeleg med arbeid å gjere!
I går kveld planta eg meg nye bringebærplantar,Stjora heiter dei og skal vere avla fram i Stjørdal. Sikkert ein sort som passar godt i vårt klima. Frå før har eg Veten, men dei har eg tenkt å fjerne sakte men sikkert dersom desse nye viser seg å vere bra. Mine bringebær er "halv-økologiske", eitt år får dei kunstgjødsel, eit anna blir det hestemøkk. Kjem an på kva eg får tid til!!

Hadde nokre bilder frå hagen som eg ikkje har lagt ut enno, så i dag når det ikkje er hagever passar det med litt fine blomster her.

Stemor er alltid ein sikker starter ute, for temperaturen om natta er av og til rundt 5 gr. Og dei gidd eg ikkje å bere inn i stova mi!!!






Har fått spørsmål om bildebehandling, for som de ser har eg leika meg litt med former, men også fargar! Det er artig å sjå kva som kan gjerast, og det er også så mange måtar å gjere det på. Eg skal lage eit innlegg om dette seinare, så får de iallfall vite korleis eg gjer det med det eg har av program.







Grønn stemor....., blir sikkert ikkje noko attraktivt i hagesentera!!












Her er Vibeegg, eller Rutelilje som nokon kallar det. Har dei også som heilt kvite. Elegante blomster synest eg.











Desse blå er eg ikkje sikker på kva heiter, men dei er bunndekkande og ligg som eit flott blågrønt teppe tidleg på våren.
PS. Har fått kommentar frå Ingun etter at eg la ut innlegget, ho seier at blomsten heiter Vårkjærminne. Takk til henne :)
Perleblomsten er nydeleg synest eg, men no er det like før den blomstrar av dessverre.



4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Mariann god søndag morgen dei blå blomane heiter vårkjærminne så vidt eg veit Beste helsing Ingun

Two sa...

Takk til Ingun som visste kva dei blå blomstane heiter, skal legge det inn på sida!

Elin sa...

Flotte blomebilete!

Linda sa...

Nydelige blomsterbilder.