torsdag 31. mai 2007

Tilda-along

Eg er med i Tilda-alongen, men er ikkje av dei ivrigaste å sy på denne tida av året, (og av og til eller ofte ikkje elles heller!! Uff, tung setning dette her....)

Oppgåvene er ganske frie og sytvangen er ikkje akkurat overhengande, alt skal vere lystbetont og gjerast når vi har tid. Passar meg perfekt!

Eg har både den eine og andre Tilda-boka, men har no valt å vise fram bilde ut frå oppgåva "Tilda-lookalike".


Denne fine frua er Matilda, trur ho er klar for ei lita utflukt no i det flotte veret som vi har hatt i dag!

tysdag 29. mai 2007

Herlege mai!

Ein enkel løvetann, sjå kor fin den er når den får stå åleine og let sola framheve den!



Når det er finever i mai, då kan det ikkje bli betre! Då har vi det godt ute, hagen blomstrar så det knakar og vi har minst 3 mnd til med gode sommardagar i vente (håpar vi iallefall då....). Og det er så mange gode dufter ute i den svale brisen i kveld, no kl 21.30 er det heile 17,5 gr ute og det er så lyst så lyst!! Då eg la meg sist natt (ein gong etter midnatt...) var det berre litt skymt ute, eg var våken i 4-tida i dag tidlig og då var det heilt lyst! Då er det eg høyrer føre meg Vidar Sandbeck synge om dei fine mainettene! Herleg! Skal heilt sikkert ikkje legge meg tidleg i kveld heller!!























Her som eg bur er det mange store frukthagar med epletre som står i blomst no, det duftar berre sååå herleg ute. Tidlegare i kveld stod eg med nasa ned i ein blomsterklase frå eplesorten Aroma, ......som å stå i eit parfymeri!
Og så duftar mine gammaldagse velduftande pinseliljer , og rundt omkring i hagen driv mange syrinbusker og sprett ut akkurat no.












Så i kveld måtte eg ut og fråtse i blomster, klippte meg ein big size bukett med syriner, ein herleg følelse å gå med armane fulle av den duftande kjempebuketten!

søndag 27. mai 2007

Nett-blad!!

I kveld har eg oppdaga at det går an å sjå i svenske blad utan å kjøpe dei.......... for godt til å være sant!! Fann adressa i bloggen til Spets och Snor der ho skreiv om Skøna Hem. Klikk her Skøna Hem så kjem du inn på sida.
Her kan du velge å gå inn på det siste nr og bla gjennom sidene, eller du kan klikke teksten under "Les mer om Skøna Hem og tidigare nummer". Då kan du velge blant fleire tidlegare nummer.


Fann òg ut at der var blad i andre kategoriar som ein også kan klikke inn på, men har ikkje prøvd ut alle. To av blada kan vel kanskje interessere mange av oss....
Her er den linken vpulp
Skal tru om det finst norske og danske blad som ligg ute på nettet på same måten?? Legg inn tips den som veit noko!

torsdag 24. mai 2007

Primula Design

Ein skikkeleg "snopebutikk" !!

No har eg endeleg fått klare alle bilda frå butikken med stor B!! Eg er ofte inn på interiørbloggar og nettbutikkar som sel mykje flott til oss som er litt hekta på slikt, men å komme inn på den vesle butikken til Ingun , det er ei oppleving som alle bør unne seg. Butikken heiter Primula Design og ligg midt i handlegata på Nordfjordeid og er driven av den kreative dama Ingun Vaksdal.

Ho har alltid likt å skape ting rundt seg, det viser òg att i butikken hennar. Her bugnar det av store mengder med stoff til oss quiltarar, mykje modellar til å bli inspirerte av, og ho gjev råd for det meste. I tillegg driv ho interiørbutikk, og ho set i hop så flotte stilleben, fargar og miljø at det er litt farleg for oss kjøparar å stige inn i den vesle butikken hennar. Og VESLE er det riktige ordet, butikken er knøttliten, men inneheld tusenvis av varer. Her må ein berre gje seg tid for å få auge på alt. Ta ein titt på bilda eg har lagt ut, men legg gjerne turen innom henne, det vil du ikkje angre på! (eller kanskje likevel når du sjekkar kontoen din??). Og kan du ikkje komme innom, så sender ho gjerne varer til deg, ho har dessverre ikkje nettbutikk.






































fredag 18. mai 2007

Bildebehandling, del 1!!

Eg har visst lova at eg skal skrive litt om bildebehandling, det blir ikkje noko avansert opplæring her, men eg deler gjerne erfaringane mine med andre.
Eg har alltid likt å prøve meg fram med å finne ut nye finesser, så det eg gjer no , gjorde eg ikkje td. for 1 mnd sidan. Ved å prøve ut dei ulike programma ein har på pcen, så får ein mange aha-opplevingar, noko er bedre enn det ein har gjort før, anna er ikkje brukandes for meg!

Programmet Adobe Photoshop 6.0 har eg brukt lenge, men for det meste for å endre størrelsen på bilda. Etter at eg begynte med bloggen, fann eg ut at det var enklare å bruke Microsoft sitt program Microsoft Office Picture Manager for å både beskjære og lage "web-str." på bilda.

Beskjære bilder:
  • Marker bildet du skal behandle
  • Høgreklikk, marker linja "Åpne i", du får opp ei rute med ulike valg, klikk på Microsoft Office Picture Manager.
  • Klikk på BILDE i verktøylinja, velg BESKJÆR
  • Hjørner og sider får markerte strekar, desse flyttar du dit du vil kutte bildet.
  • Klikk OK i feltet til høgre og trykk på "lagre-symbolet" på verktøylinja.
  • Er du ferdig no, så berre lukker du sida, skal du endre på oppløysinga på bildet, kan du fortsetje vidare herifrå.

"Web-str." på bilda:

  • Utgangspunktet her er som nemnt over.
  • Klikk på BILDE i verktøylinja, velg ENDRE STØRRELSE
  • I feltet til høgre på sida (Innstillinger for endring av størrelse) klikkar du på Forhåndsdefinert bredde x høyde
  • Klikk på v-haken i boksen under og du får fram ulike alternativ her. Eg brukar å velge Web stor (640 x 480 pks). Klikk ok og lagre til slutt.

OBS! Dersom du vil ta vare på det opprinnelege bildet ditt, så må du lagre bildet i eit nytt namn, eg har som vane å berre føye til bokstaven b på det behandla bildet, då ser eg fort kva som er i "lite" format. Finn ut eit system som fungerer for dykk, det er det viktigaste.

No håpar eg at dei fleste av dykk forstod denne oppskrifta, det er berre å spørje om eg var utydeleg om noko. Lykke til!

(ps. Skal ta litt om rammer/design seinare.)

Nye knaggar!

Sist veke var eg innom Primula Design på Nordfjordeid og kjøpte 2 flotte knagg-rekker. Desse skal eg ha til å henge handkle på, eitt på kvart bad.








Med dette så aukar "knagg-kapasiteten" med ca. 150%, så då håpar eg at dei andre i familien treff ein av knaggane når dei skal henge opp handkle......., hos meg hamnar dei ofte på golvet. Kanskje andre ikkje opplever det hos seg????

torsdag 17. mai 2007

HURRA for 17.mai!!


HURRA! Det er 17. mai i dag og det er bunadsver!! Det vil seie litt kaldt, men det er sol og litt kvite skyer her og der, flotte kontrastar til vårgrønn bjørkeskog, kvite fjelltoppar og blå fjord!

Har vore tidleg oppe i dag, presis kl 8 kom flagga på plass, deretter var eg ein rask spasertur til arbeidsplassen min og heisa flagget der.





Ved husveggen er alpeklematisen no komt i blomst.


















Eg må til å stryke ferdig bunadskjorta i no, for det ein ikkje rakk i går, må ein gjere i dag. I år er eg med i 17.mai-komiteen, og forutan å pynte og rydde opp att, så skal eg gå i flaggborga fremst i toget.

fredag 11. mai 2007

Søte tusenfryd



På tide å legge ut bilde av søte Tusenfryd som eg og Lappetausa kjøpte same av sist laurdag. Nokre av blomstane heng litt, dei har sikkert vore dyrka inne og blitt lange, men håpar på å få dei kraftige ut over sommaren. Eg har ikkje hatt slike før, kun dei vanlege som veks opp av plenen min.
Reknar med at eg kan plante dei i eit bed til hausten, men så lenge dei blomstrar så fint, så må eg ha dei nær i ei potte så eg kan nyte dei. Synd det er minimalt med duft av dei....