tysdag 29. mai 2007

Herlege mai!

Ein enkel løvetann, sjå kor fin den er når den får stå åleine og let sola framheve den!



Når det er finever i mai, då kan det ikkje bli betre! Då har vi det godt ute, hagen blomstrar så det knakar og vi har minst 3 mnd til med gode sommardagar i vente (håpar vi iallefall då....). Og det er så mange gode dufter ute i den svale brisen i kveld, no kl 21.30 er det heile 17,5 gr ute og det er så lyst så lyst!! Då eg la meg sist natt (ein gong etter midnatt...) var det berre litt skymt ute, eg var våken i 4-tida i dag tidlig og då var det heilt lyst! Då er det eg høyrer føre meg Vidar Sandbeck synge om dei fine mainettene! Herleg! Skal heilt sikkert ikkje legge meg tidleg i kveld heller!!























Her som eg bur er det mange store frukthagar med epletre som står i blomst no, det duftar berre sååå herleg ute. Tidlegare i kveld stod eg med nasa ned i ein blomsterklase frå eplesorten Aroma, ......som å stå i eit parfymeri!
Og så duftar mine gammaldagse velduftande pinseliljer , og rundt omkring i hagen driv mange syrinbusker og sprett ut akkurat no.












Så i kveld måtte eg ut og fråtse i blomster, klippte meg ein big size bukett med syriner, ein herleg følelse å gå med armane fulle av den duftande kjempebuketten!

1 kommentar:

Ida sa...

Vakre blinkskudd.
Kjenner duften av Syrinene dine helt hit. Nydelige sammensetninger.
Løvetann bildet var flott! (: