Eg har alltid likt å prøve meg fram med å finne ut nye finesser, så det eg gjer no , gjorde eg ikkje td. for 1 mnd sidan. Ved å prøve ut dei ulike programma ein har på pcen, så får ein mange aha-opplevingar, noko er bedre enn det ein har gjort før, anna er ikkje brukandes for meg!
Programmet Adobe Photoshop 6.0 har eg brukt lenge, men for det meste for å endre størrelsen på bilda. Etter at eg begynte med bloggen, fann eg ut at det var enklare å bruke Microsoft sitt program Microsoft Office Picture Manager for å både beskjære og lage "web-str." på bilda.
Beskjære bilder:
- Marker bildet du skal behandle
- Høgreklikk, marker linja "Åpne i", du får opp ei rute med ulike valg, klikk på Microsoft Office Picture Manager.
- Klikk på BILDE i verktøylinja, velg BESKJÆR
- Hjørner og sider får markerte strekar, desse flyttar du dit du vil kutte bildet.
- Klikk OK i feltet til høgre og trykk på "lagre-symbolet" på verktøylinja.
- Er du ferdig no, så berre lukker du sida, skal du endre på oppløysinga på bildet, kan du fortsetje vidare herifrå.
"Web-str." på bilda:
- Utgangspunktet her er som nemnt over.
- Klikk på BILDE i verktøylinja, velg ENDRE STØRRELSE
- I feltet til høgre på sida (Innstillinger for endring av størrelse) klikkar du på Forhåndsdefinert bredde x høyde
- Klikk på v-haken i boksen under og du får fram ulike alternativ her. Eg brukar å velge Web stor (640 x 480 pks). Klikk ok og lagre til slutt.
OBS! Dersom du vil ta vare på det opprinnelege bildet ditt, så må du lagre bildet i eit nytt namn, eg har som vane å berre føye til bokstaven b på det behandla bildet, då ser eg fort kva som er i "lite" format. Finn ut eit system som fungerer for dykk, det er det viktigaste.
No håpar eg at dei fleste av dykk forstod denne oppskrifta, det er berre å spørje om eg var utydeleg om noko. Lykke til!
(ps. Skal ta litt om rammer/design seinare.)
1 kommentar:
Takk for tips. (:
Har mye å lære...
Fortsatt god helg til deg. (:
Legg inn en kommentar