laurdag 24. mars 2007

Laurdagsgodteri


Laurdag betyr ofte handledag for meg, vanlegvis mest daglegvarer. Slik i dag òg, men så kom eg på at eg måtte ein tur innom Eid Miljø igjen, berre for å sjå.... Hadde tenkt eg skulle sjå kva slags knappar ho har, i tilfelle eg skulle mangle noko, - og midt på benken hennar låg det mange posar med DEI FINE perlemorsknappane, og i "Nye" fasongar. Måtte berre ha desse uvanlege knappane, og der var mange fleire..... , og store blå perler måtte eg òg kjøpe. Det er vanskelig å få fram fargen på knappane, for med blitz så var dei som refleksar, dei 2 ovale er lime og lys lilla, rektangela er mørk azurgrønn og kobolt. Flotte fargar!

Lurer på å bruke dei på eit smykke eg har planer om å sy, så kanskje kjem ein av knappane på eit nytt produkt ein gong.

1 kommentar:

Elin sa...

Heihei! Eg var ikkje innom Eid Miljø i dag, det var dumt, kanskje vi hadde truffest? Fekk slik fin mønster frå Lappemakeriet i dag, stichery med gammaldags mønster, kattar og bamse på ei seng...Elles så har eg bøtt klede i dag, noko eg slett ikkje likar! Men det er rart med det når ein først er igong, så er det tilfredsstillande det og! Ventar på bilde av ei lita tulle eg er grandtante til som eg sydde krabbeteppe til, tenkte eg skulle legge det ut.
Ha ei fin helg, kort natt med sommartid, om ei veke ferie...!!!