fredag 23. mars 2007

Vårarbeid






I dag har vi hatt kjempever med vårsol frå klar himmel og stigande temperaturar. Då må ein berre nyte det og finne arbeid ute; -og det manglar ikkje. Mykje greiner å samle saman, for vi har saga ein del store tre i vinter, og greinene må bort før graset gror!










Men blomstrane gror òg opp, krokusane lyser flott på lang avstand.





Andre lyser mindre, men dei er der, denne kvite julerosa er på veg opp. Blomsten er sart og fin, men den står lenge og er også fin etter avblomstring.



1 kommentar:

Anonym sa...

Er det ikke herlig å kunne begynne i hagen igjen :) Her hos meg blomstrer også krokus og røde og hvite juleroser. Jeg elsker å gå rundt i hagen og se etter nye ting som spirer. Ha en flott vårsøndag!