fredag 16. mai 2008

Klematis

I hagen min veks det mange klematis, har vore ein "samlar" i fleire år. Med eit visst måtehold då, for alle må ha ein god plass å vekse på så det kjem blomster på. Eg kan namnet på dei fleste eg har, men nokre sortar har eg kjøpt på salg , med manglande namnelapp. Skal prøve å legge ut bilder av blomstane etter kvart som dei kjem i sommar, så får eg kanskje hjelp med namna frå ein kvan?Denne lyslilla klematisen heiter "Alpeklematis" eller "Clematis Alpina", og den er den som er først ute av alle. Knoppane kjem allereie medan frosten herjar, men den toler det godt. Og knoppane kjem i store mengder, dette er virkelig ein riktblomstrandet vekst. Nokre år har eg hatt bort imot 1000 blomster på den, men då har den også vore stor av vekst. Den er villig og enkel å styre, så denne anbefaler eg gjerne til den som vil prøve. Her veks "Ville de Lyon", blomster kjem om vel ein månad (kjem an på veret då!)
Denne klematisen veit eg ikkje namnet på, blomsten blir stor og fyllt, skal komme med bilde her seinare. (Har kjøpt denne på salg uten namnelapp!)
"Montana Rubens" er dette, også kalla "Bergklematis". Fargen er lys rosa og blomsten er liten, berre 5-6 cm i diameter. Men dette er også ein tidlig sort, og er veldig fin. Eg har ein stor plante, noko av den er bunndekke under ein veranda og noko klatrar oppover. Skal legge ut fleire bilder når det kjem meir blomster her.

8 kommentarer:

Anna Lisa sa...

klematis er nydelig og veksevillig plante. Den har eg planer om å få i hagen etterkvart.
Først må eg planlegge litt.
Ha en fin dag!!
Klem

Magny sa...

KLEMATIS ER BARE NYDELIG... MEN GURI KOR FLINK DU ER MED BLOMSTER...
~~ GØYT Å TITTE HOS DEG...~~
KLEM, MAGNY

BROCANTE sa...

Må nok si at Klematis er en av mine favoritter også. Jeg hadde noen gamle som var kjempestore og flotte. De måtte jeg flytte på grunn av graving, det tålte de ikke og døde. Siden har jeg ikke fått de nye til å trives. Dine ser flotte ut.

janne - kathrine sa...

Heisann :-)

Ja, klematis er flotte klatrere. Jeg begynte å samle i fjor sommer. Har 6 stykker foreløpig, men det blir flere etterhvert som jeg får klargjort beddene som de er tenkt å bo i :-)
Enn så lenge er det også kun Alpeklematisen som blomstrer hos meg, men de andre er godt i gang med knoppskyting de også. Åhhh - gleder meg til de blomstrer altså :-)

Ønsker deg en fortsatt fin dag og en flott 17. mai feiring!

Lappesola sa...

Vakre klematis bilder. Takk for titten.
Hilsen Sol

Ellie`s stue sa...

Heisann!

Flotte bilder av klematisene dine. Jeg har endelig fått plantet min første klematis i hagen, "snow Queen". Jeg kan lite om den, men det kommer vel etterhvert!

Elisabeth

Haldis sa...

Hei.Det blomstrar fint med deg, imponert over alle navna du kan. Har ei helsing i bloggen min til deg. Ha ein fin 17.mai!

SEXYSTAR sa...

VERY NICE SHOT!
I love your photo.
I love your blog.
WOW.
very nice.