måndag 11. februar 2008

Dagen i går


Dagen i går....... vakna med sår hals og hodepine, men rekna med at det var berre morgenrusk. Litt feber var det rett nok også, men pytt, det går vel over tenkte eg. Det var fridag og morsdag, og i det eg kom ut av soverommet kjende eg lukta av nylaga eplekake. Dattera mi hadde vore tidleg oppe og baka!!Fekk servert ein herleg frukost som eg måtte nyte leeenge!


Det vart etter kvart ein nydelig dag, med sol frå klar himmel. Verandalivet vakna litt til, ein nyinnkjøpt pelargonia fekk seg ein prøvetur på utebordet. Det er snart vår!!!
Den vart kjøpt på Coop Mega og er av sorten Engelsk pelargonia. Noko meir artsnamn på den veit eg ikkje.

Men akk, då det leid over middag så steig feberen, og heldt seg mellom 39 og 40 resten av dagen. For eit par innlegg sidan skreiv eg om katten min som låg rett ut på sofaen, vel.... eg såg nesten sameleis ut eg også der eg inntok sofaen og vart liggande resten av søndagen.

Ingen kommentarer: