søndag 25. oktober 2009

Før og etter egget!

Dagen min i dag handlar så langt om FØR og ETTER egget! Eg skal ikkje komme med noko form for filosofisk avhandling om oppstandelsen for egget og høna, for her på garden hos meg er svaret soleklart: hønene mine kom først, og så kom egga! På løpande band! Trillar ut som perler på ei snor frå mine 8 koselige damer!Så Juliann er blitt ein storkonsument av egg, med daglig frukostegg! Og det smakar godt! Men problemet i dag på "Stille-klokka-dagen" var kva tid eg skulle ete dette egget. For natta vart ikkje så laang som den burde bli med den ekstra timen. Trur kroppen til Juliann misforstod signala frå media i går, for etter å ha ligge vaken ei stund, så stod Juliann opp,.... kl 04.47. Ikkje så forferdelig tidlig då, men straks verre vart det då eg skrudde klokka ein time tilbake. Hm,... litt tidlig for kaffi og egg, i verste fall kunne eg ende opp med å ete 2 frukostar!! Så då hekla eg litt i staden, for svolten var ikkje gnagande i det heile!Men etter ein time med hekling og musikk frå tv-en, så vart det ein ekstra blund på sofaen til kl 7 "ny tid", så då var det på tide med EGGET!
Så no er eg i sving med dagen min på vanleig søndagsvis,...etter EGGET!
Ha ein fin og lang søndag alle som kikkar innom!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Uff, ja eg surra med klokka i går. Hadde glømt å stille klokka i bilen. Eg stressa fælt med å få ferdig middagen før ungane skulle komme heim, og eg skulle på eit møte....skjønte ikkje kvifor ungane var så trege heim frå skulen før eg sjekka mobilklokka, og oppdaga at det var visst eg som var tidleg ute...

Har lagt ei lita utfordring til deg i bloggen min :)

@afjo72 sa...

Hehe, ikke så lett dette med tiden som kommer - eller går den?

Halling jenta sa...

Går ei stund, før ein får stillt alle klokkene. Kunne ikkje klokka berre vore den samme heile tida....Ikkje sommer og vintertid,men ein av delene....
Har lagt ei utfordring til deg på bloggen min :-)