måndag 28. september 2009

Ooops! "Se hon rør sej!!!"


Og ja, hon er tillbaks från Sverige!! Og det har Juliann vore lenge, berre så det er sagt, ho har ikkje blitt sitjande på den fine stranda som er på bildet på forige innlegg som var i august!!

I det siste har ikkje Julianns tid strekt til alt som skal gjerast, og ting har stått i kø for å bli gjort. Då er det at ein må prioritere hardt, kva er viktigast og nest viktigast i travle tider. Når ein travel jobb som pedagogisk leder i barnehage krev mykje både i jobben og til planlegging etter jobben (myyykje arbeid i starten av nytt barnehageår!!), så er det viktig å ta vare på seg sjølv. Det har eg heldigvis klart å prioritere. Og såleis har bloggen min komt langt bak i rekkja!
Juliann har gått time etter time på skogs- og fjellturar siste månadane, 3-5 t pr dag fram til no midt i september, då gjer lyset sitt til at denne tida blir redusert til rundt 2 timar. Men dette er herlige turar der eg både får høyre radio, tenke og planlegge jobb!!
Men Juliann har også fått gå på 2 kurs i quilting den siste månaden! 2 herlige kurs der eg har fått sydd og leika meg med fargar og teknikkar. Dette er medisin for sjela, men også svært sosialt å være i lag med andre likesinna.
Denne helga var eg på kurs med Patricia Iden, eit kurs arrangert av Lappestua for kundane hennar som har kjøpt Janome-maskiner, spesielt modell 6600. Og denne helga lærte vi at det er ei fantastisk maskin vi har kjøpt, med nydelige saumar og utallige muligheter! Og Patricia er ei utruleg flink og tålmodig dame. Ho la heile si sjel i at vi skulle forstå, lære og få til. Ho må berre opplevast!
Vi sydde eit cover til symaskina, der mesteparten av helga gjekk med til detaljert sying av dekor på lommene. Stichery, applikasjon og bruk /innstilling av mange saumar.Dette er Patricia sin kursmodell, trekk til maskina og eit underlag.
Og det mangla ikkje på gode tips, berre det å notere innstillingar av maskina på prøvelappen var nytt for meg. Så lurt!! Då kan ein hente fram den og sjå kva innstilling som gav finaste saum.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Smart ide med den prøvelappen, - om ein berre kunne hugse på å vere så systematisk i kvardagen :-)

Anonym sa...

Dette kurset såg kjekt ut. Har vore på kurs med denne dama før, og ho har virkelig mykje å lære frå seg! Gledar meg til å sjå dei ferdige produkta!

STRIKKEMOR(O) sa...

Det var sikkert eit kjekt kurs, ja! Eg var på kurs med henne i vår (trur eg det var). Praktisk med eit slikt cover til symaskina!

2ne sa...

Nydelig trekk til symaskina ;-) God helg.

toja sa...

Så fint du er tilbake! Det er viktig å prioritere og ta vare på seg selv.
Flott trekk til symaskinen!