tysdag 14. juli 2009

Rødt,søtt og smakfullt


Mmm, ein skikkelig sommardraum heng i hagen min, store raude moreller. Ikkje berre litt, men mykje, veldig mykje!!Så mykje at vi et oss mette fleire gongar for dag! Og det har vi holdt på med ei veke no!

Vi har 3 store tre, og heldigvis så modna bæra først på eitt av dei, og så kom dei 2 neste for fullt no til helga. Herlig å fråtse i mykje eigne bær, iallefall når prisen på butikk er rundt 60 kr kg! Og aldri før har vi hatt så mykje bær som i år!


Og eg fråtsar skikkelig, litt etter frukost, så litt ut over heile dagen og så avsluttar eg med å stå leeenge i stigen høgt oppe i trea og ete, spytte stein, ete litt til heilt til eg kjenner at no er det nok!

3 kommentarer:

Husflidstausa sa...

Ååååååå, det såg godt ut......, kor heldig du er..... Eg har nokre få jordbærplantar,og to ripsbusker i min hage. Akkurat sånn passe at vi har nokre få dessertar no om sommaren. Ha ein forsatt fin sommar.

Mosbøjenta sa...

Hei! Disse morellene ser himmelsk gode ut!! Hvilken sort er det? Har tenkt å kjøpe enten morelletre eller kirsebærtre til hagen, har bare ikke bestemt hva enda!
Ha en flott sommer. :-)

Laila sa...

Heldige du! Her hos oss var skjora og trasta klar og fekk i seg alle bæra etterkvart som dei modna. Ikkje eitt fekk eg smake... Ja, eg veit det finst not, men treet vårt er ikkje skapt for det :)