onsdag 8. april 2009

Påskehøneparade!

Då er påskeferien eit faktum! Har vore på jobb 2,5 dagar denne veka, så i dag kl 12 kunne eg løfte blikket mot sol og ein himmel som vart meir og meir blå! Vermeldinga hadde eg ikkje følgt med på i dag, så då eg kom heim var eg snar å planlegge min første påsketur til fjells!

Turen gjekk opp hit, Storevarden, med flott utsikt mot sør i vakre og ville Nordfjord. Dette bildet er ikkje teke i dag, så i dag kunne eg gå siste stykket opp til varden på berre lyngrabbar. Men lenger nede på flatene måtte eg bruke mine gode truger, for snøen var "råten", våt og grovkorna. Ekte "rød klister-snø"!!


Men i Juliann-heimen er det vårlig, med høner både ute og inne. Mine levande legg egg i lange baner, og sit ofte ute i luftegarden og nyt vårveret. I stova er bordet pynta med både mjuke og harde kyllingar, fine på kvar sitt vis synest eg.

Og på kjøkkenet har dette nye handkledet fått plass. Eg vann dette, i konkurranse på bloggen til Bohusstickan , syns det var kjempefint! (Vann også garn og eggfarge). Tusen takk og God Påske til deg på Bohuslänkysten! Ønsker alle som er innom bloggen min ei
GOD PÅSKE!

2 kommentarer:

Randi sa...

Du må tro att jag njuter av dina fjällbilder - så underbart vackert!
Så mysigt med höns - önskar jag också hade några. Byggde hönshus, men så kom fågelinfluensan och satte stopp för den planeringen. Det måste vara höjden av lyx att få gå ut och hämta egna ägg!
Önskar dig nu en riktigt skön påskhelg!
Kram Randi

Hilsen fra landet sa...

Har du også høner?!? Jeg som ønsker meg det, men min kjære er liksom ikke helt overbevist om at vi trenger det - sier det er nok egg på butikken...

Har du tips og triks om hvordan man overbeviser menn til å bygge hønsehus så si ifra!! God påske!