måndag 30. mars 2009

Vinterlig sommartid!

Ein fantastisk flott morgen, gnistrande blå himmel og kald lett nysnø på trea. Dette var den nydelige søndagen som vi hadde her i Nordfjord i går. Men det varte ikkje lenge då sola tok til å varme. Sommartida var begynt denne morgonen, og då vil nok sola kvitte seg med mest mulig vinter........., så det dala ned store snøklumpar på oss der vi gjekk oppover på skogsvegen. Men sommartid til tross, slike vakre vinterbilder over naturen i Nordfjord er berre til å gle seg over!I bygda nedanfor her bur eg, fint plassert på solsida i Nordfjord! Dette er utsikt frå Sethaugen, det mest populære turmålet i bygda!Men denne dagen gjekk turen vidare oppover, eit lag med nysnø låg oppå skaren, men fint å gå likevel.På veg oppover, målet er den bakerste toppen, Storevarden.

Målet er nådd!
I denne varden ligg det turbok, der skriv alle besøkande seg inn! Utsikt mot øst med tettstaden Nordfjordeid i fjordbotnen.
Utsikt frå Storevarden mot sør. Fjella i bakgrunnen er ca 1500 moh.


Perfekt forfrisking i det flotte veret!
Det er godt å ha skikkelig "fottøy" når ein er høgt til fjells!

6 kommentarer:

teresa sa...

Så fantastiskt vackert! Jag skulle vilja resa dit NU!!

Mallemor sa...

Ja ... det var igår. Det har neimen ikkje sett slik ut idag. Då eg køyrde sjøgata på jobb idag slo bølgene mot bilen. Tru kem som vrir på av og på ver knappen????

STRIKKEMOR(O) sa...

Flotte naturbilete!

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg har dessverre ikkje mønster på Sabeltanngensar. Rart at du skulle spørre meg, for to på jobben har også spurt etter det samme mønsteret i dag. Det er sikkert ikkje så lett å få kjøpt lenger, viss det er gått ut av produksjon. Men det er mogeleg at dei har det på Ommedal i Stryn. Det går jo an å ringe og høyre.

TIRIL SOL sa...

Vestlandet skiftar fort. Idag er det vår:-)))))
Ha ei riktig fin påske over veien:-))

Lady E sa...

Hei.

du var vinneren av konkuransen på min side. Send en e-post til babydandmum@live.com med adressa di, så kommer pakken i posten :)