onsdag 18. mars 2009

Tyvek og angelina

I dag har eg kikka litt på mine gamle bilder, då kom eg over desse bilda av Tyvek og Angelina. Dette lærte vi på eit kurs i quilteklubben, og det var berre fantastisk å jobbe med. Spennande resultat dukka opp der vi måla, varma opp med pistol eller strykejern, klipte opp, sydde fast, mixa med florlett Angelina,....... trur eg må hive meg på dette igjen!

Quilt Art er noko som fasinerer meg, alt fargespelet og dei flotte effektane ein får fram er så inspirerande å jobbe med. Og det fine med det er at her kan ein ikkje gjere noko feil, for alt blir til på sin eigen unike måte. Nesten slik at til værre det ser ut, til finare resultat kan ein ende opp med.

Spørst berre kor mykje tid Juliann har til dette også, burde hatt 6 armar slik som Fru Lund i ei tidlegare Coop-reklame hadde, ho rakk visst alt ho ville. (Uff den reklamen var fæl, for eg lurte stadig vekk på kva herr Lund gjorde på....)

1 kommentar:

Randi sa...

Vilken spännande konstform - läckra mönster och färger. Har aldrig tidigare hört om Quilt Art. Ditt inlägg är jätte-intressant!
/Randi