måndag 5. januar 2009

Ojsann.....ein idè..resirkulert julepapir




...ja ein ìde dukka opp i det eg gjekk over golvet i stova. Eg hadde akkurat henta fyrstikkøskje for å fyre i eit lys på salongbordet, for no skulle eg kose meg litt med strikketøy foran tven.

Der kikkar eg ned på fyrstikkdåsen og tenkjer plutselig på at jammen var den litt kjedelig å sjå på, her hadde det gjort seg med litt pynt. Tankane mine kobla raskt til haugen med fint julepapir frå julafta.....hmmmm.... er vel nokon som kjenner seg att her! Reknar med at eg ikkje er den einaste som sit og passar på at pakkar med fint julepapir blir sirlig opna med saks og deretter bretta fint ned i ein lagringspose,.....i tilfelle ein skulle ha bruk for ein fin papirlapp!!!

Ei rask runde i huset resulterte i eit fint papir, papirkutter, saks og limstift. Sofaen vart fyllt med utstyr og alle ubrukte fyrstikkøskjer vart henta, for så å bli forfina!!

Etter eit kvarters tid så var forvandlinga over, og eg må seie meg ganske fornøgd med resultatet.


Papiret vart litt for gult her, fotografert under eit lysrør på kjøkkenet. Trur papiret kjem frå ein Princess-butikk.


Ei stor fyrstikkøskje fekk også pynt på seg.

4 kommentarer:

PillePalle sa...

Virkelig en fin idé!

Hilsen fra Pillepalle

toja sa...

Så smart! Tror jammen jeg stjeler den idèen :)

Linda sa...

Hei!Så flott det ble.Nydelig papir.
God idee,resirkulering/gjenbruk.
Bra...Ha det fint!Hilsen Linda :))

Anonym sa...

Jammen lekkert! Godt å se at jeg ikke er den eneste "raringen" (i min samboers øyne) som sparer på julepapiret!