søndag 11. januar 2009

Nye vintersko :)


Ja dette er mine nye vintersko, meint for ein skikkelig snørik vinter. Ikkje akkurat spasersko då, men ganske så nyttige til å spasere oppå snøen med. For dei som ikkje har sett kva dette er endå, så er dette altså moderne truger. I lettmetall og plast, hurtiglås, skarpe piggar under og med bevegelig såle. Akkurat som nokre megastore flipp-flopp-sko!
Eg fekk desse i julegåve av mann og barn, dei skjøna vel at mor måtte vere skikkelig utstyrt når ho daglig travar til fjells i all slags ver. Har prøvd dei berre ein gong, og det var ikkje så vanskelig å gå med. Flotte spor vart det også, såg nesten ut som Dolly Duck hadde vore på ferde!!
Men i dag burde eg heller hatt vannski, det høljer ned her, og snøen forsvinn nesten så ein ser det!

4 kommentarer:

Karilla sin hobbyblogg sa...

Hei.
Takk for komentar på bloggen min.
Anngående mønster jeg har brukt til toalettneskene mine, har jeg i første omgang brukt Quiltekroken sitt mønster på toalettveske. men nå har jeg sydd så mye at jeg ikke bruker det på toalettvesker lenger.Nå syr jeg bare i vei.
Ha en kreativ uke!

Karna sa...

Nei noe så stilig....kanskje ikke noe å gå i butikken med, men du kommer deg nå frem vil jeg tro...du får ha på en ryggsekk med tøfler i så du kan bytte...hi,hi...

Anne Mette sa...

Dei var flotte! :-) Slike ønskjer eg meg også! :-)

Anonym sa...

Hei der eg trur eg tar meg ein tur og prøver desse nye skoa dine ...kjempeflotte....god tur beste helsing Ingun