måndag 8. desember 2008

Juleverkstad og julegåvetips

I går rigga eg meg til med eit lite juleverksted i full fart. Nokre julegåver skulle ut av huset denne dagen, og då var det berre å få sving på sakene. Men du verden så kjekt det er å kose seg slik. Eg tende adventslysa på bordet og sette meg med litt puslerier.
Har sett gode tips i mange bloggar om å dekorere fyrstikkøskjer, så no var det min tur til å lage og å vise. Eg kjøpte store øskjer med lange fyrstikker, og desse fekk pynt av fint julepapir. For å få papirbitane fine, så brukar eg papirkuttar, ein heilt uunnværlig redskap! Så dei som ikkje har ein slik, bør kanskje ta å ønske seg ein til jul??? (Papirkuttaren ser de så vidt oppe i venstre hjørnet på det øverste bildet)

.....og så vart det klart for innpakking av ei lita koselig julehelsing til nokre slektningar!

Ei enkel men kjekk gåve å få, håpar eg; kubbelys og fyrstikker til å tenne det med, marsipanpølser til å kose seg med, og til slutt tørke munn og fingrar med juleservietter!

4 kommentarer:

Elin "The quilt maiden" sa...

Takk for mange gode tips! Eg visste ikkje at ein fekk papirkuttarar i "heimeformat"...Men du, kan du please sende over til meg ein lightversjon av korleis du lagar dei praktiske posane til telys, kaffi etc? Hastar....takk.....!

TIRIL SOL sa...

Dette var kjempelurt. Eg adopterer ideen med ein gong:-)

Elin "The quilt maiden" sa...

Tusen takk for oppskrifta. Eg tolkar det slik at du ikkje bruker vatt i desse, og at du bruker stødigare stoff `a la ikea eller stoff og stil. Lurt å måle cm rundt kaffipakkane, det hadde eg a l d r i kjeme på, hehe...

2ne sa...

Dette var en praktisk og koselig julegave. Ser ut som du har kost deg. Ha en fin førjulstid :-)