laurdag 4. oktober 2008

Summerred!

I hagen min har eg 3 epletre av sorten Summerred. Det er dei beste norske epla eg veit om, og dei som ikkje har smakt dei, må gå i butikken no og kjøpe. For akkurat no er dei på sitt beste, for når dei er i overgangen mellom sure og søte, så er dei berre heilt nydelige. Epla mine er "halv-økologiske", for dei får kunstgjødsel kvar vår. Men dei er ikkje sprøytte så dei er vel så sunne som dei kan bli.

I år var avlen heilt fantastisk, store flotte raude eple, heilt uten makk, og berre nokre få med skurv på skalet. Og så mykje avling då,.... trur eg har plukka rundt 50 kg! Så her må det til MEIR ENN 5 OM DAGEN!!!


4 kommentarer:

Tulip sa...

De så skikkelig saftige og gode ut..heldig er dere som har epletre i hagen, har ikke det foreløpig. Har tenkt å plante, men det tar jo fortsatt noen år før det kommer epler..

God helg!

Elin sa...

Ta med deg ein pose på tysdagsmøtet, så kjøper eg! Nammmm....

Mallemor sa...

Så heldig du er. EG har to epletre og der var i år tilsammen 1 - ett - eple.. og det tok skjora. Akk og ve....

Anonym sa...

Eg og har denne sorten i hagen. Oppdaga plutselig 2 stk, det var avlinga i år! Bestiller heved 5 kg, helst levert på døra! God helg.