søndag 5. oktober 2008

Blåbærtur!

Ja kven skulle tru det,... blåbærtur i starten av oktober!! Vel, må innrømme at alle bæra havna i magen, og det var ingen planlagd plukketur! Men eg visste kvar eg kunne finne desse delikatessene!

Eg og Juliannmannen har vore på ein kjapp fjelltur i dag, trossa det kalde veret og kledde oss godt. Gradestokken viste berre 3 gr i dag tidlig og snøen ligg heilt ned på 700 m no. For dei lokalkjende så gjekk turen via Sethaugen til Storevarden som ligg på ca 700 m.oh, der var det både kaldt og det kom enkelte byger av minisnøkuler! Brr, mitt første møte med snøen etter den fine sommaren vi har hatt.

Men så var det desse fine bæra då, dei stod der fint og venta på meg. Desse bilda tok eg for 2 veker sidan då eg stoppa og åt meg mett på store bær, og gleda var stor då eg såg at mange av dei stod fremdeles like fint no. Dei veks i ei sørhelling ca 600 m o.h og smaka fantastisk.

Nokre av bæra var 1 cm i diameter, skalet er hardt og sprøtt, og inni.........herlig saftige.

Det rare var at i dag såg eg at mange av bæra stod på nakne kvistar og venta på meg, blada hadde falle av! Så neste gong eg kjem dit, så har vel resten av bæra også falle til jorda.Dei små blåbærblada er nydelige!


Ønsker alle lesarar ein fin haust ute i den vakre naturen vår!

1 kommentar:

TIRIL SOL sa...

Nydelege bilder du har tatt. Og jau eg veit kvar bæra står:-) Tidligere år har eg hatt med meg boks å plukke i når eg har gått forbi der, men i år har det blitt lite fjellturer på meg. En av grunnane til at der er bær igjen:-))