laurdag 2. august 2008

....og frå 1200 til 0 meter igjen!


Denne siste veka har vore den mest fantastiske og opplevelsesrike veka som eg har hatt på lenge.

I forige innlegg skreiv eg om badeliv og tur over Strynefjellet, her kjem fortsettelsen, kanskje endå meir full av inntrykk. For frå å reise frå sjø og strand, opp på Norges mange høgfjell, så bar det tilbake til kysten og ned på null-nivået igjen. Turen gjekk vidare austover og etter kvart endå høgare, opp til om lag 1200 meter til Rondane og inn til Rondvassbu. Ein utruleg kjekk tur som eg og min mann tok i samband med ei minimal feiring av bursdagen min. Menyen på dagen min var pølse med brød på Rondvassbu. Overnatta i telt og der var menyen enkel: brød, tubeost, fårepølse og vatn!

På bildet over ser de meg som sit på ei høgde ved Rondevatnet. (..endelig eit bilde av meg på bloggen)
Turen i desse fjella var flott, så det kjem kanskje eit eige innlegg seinare.


Vi kom heimatt seint onsdagskveld, men fredagen bar det i veg mot kysten og det maritime miljøet igjen.

Måløy er denne helga vert for det fantastiske Tall Ships Race, med besøk av nær 100 skip i ulike størrelsar. Det var heilt ubeskrivelig å gå på hamnene og sjå på båtane, gå ombord i nokre av dei, prate med ein del av mannskapet, fotografere, kjenne på sommarvarmen og sjølufta, og å være i det sydande folkelivet som var i lille Måløy-byen denne dagen.



Juliann er ein umettelig fotograf, og tok bilder til batteriet var omtrent utlada. Då eg la inn bilda på pcen i dag, så var det 238 bilder frå desse timane i seilskipsmiljøet!!
Ikkje rart at eg har problem med å velge ut bilder til bloggen, så det kjem heilt sikkert eit eige innlegg om dette også ein dag. (kjem an på kor mykje regn vi får framover, for då er det bloggever!)


2 kommentarer:

Elin sa...

Kjekt à sjà bilete frà Màloey...Har hatt dottera mi i arbeid der heile helga, det var visst ubeskriveleg kjekt! Eg er i Madrid, og storkosar meg i godt over 30 varmegrader. Ikkje verst...

ANETTESHUS.COM sa...

Så mange flotte bilder! Helt tydelig at du har hatt det flott i ferien! Det frister å reise til disse stedene ...

Ha en fortsatt god sommer!
Anette