tysdag 29. juli 2008

Frå 0 til 1000 meter!

SOL, VARME, BLÅ HIMMEL, BLÅTT HAV, ....det er SOMMAR!




Frå 0 til 1000 meter på to dagar, det er dei 2 siste dagane mine kort oppsummert.


Og dette er Vestlandet i eit nøtteskall, når ein bur midt i ei naturperle så er det gode muligheter til å oppsøke det finaste av strandlivet og det finaste av høgfjellet på kort tid.
Men å bruke kort tid på dette sommareventyret vi har no, er ikkje å anbefale, dette må nytast i lange drag! Det flotte sommarveret vi har hatt dei siste dagane har vore heilt fantastisk, og då er det også heilt fantastisk å kunne nyte ein søndag heilt nede ved havnivået.

Denne dagen tilbringa vi på Refviksanden i Vågsøy kommune, og det er ikkje rart at denne stranda vart kåra for Norges finaste badestrand for nokre år sidan!

Nyt bilda, det azurblå havet, den blå himmelen, ein sval havbris og tenk at du høyrer lyden av dei lette bølgeskvulpa og ungane som frydar seg i vatnet, herlig!!!






Stranda er kjempestor og veldig langgrunn.
Her er det rett vest i Nordsjøen!

Då vi reiste heim i 18-tida tok eg dette bildet, framleis mykje folk på stranda. Reknar med at der var over 1000 personar på stranda denne søndagen, for då vi kom i 14-tida var der allereie over 300 bilar parkert! Og fleire kom etter oss!

God picnick-mat høyrer med, men det må også være enkelt i all sanden! Baguettar og smørjeost var enkelt og godt. Og innpakninga,...... det er kjøkkenhandkledet frå Bruka Design som eg fekk frå Emmeline som premie!





Som sagt er kontrastane store på Vestlandet, ca 1,5 t frå der eg bur, finn vi denne vegen, Gamle Strynefjellsvegen. Etter søndagens opphold på 0-meters nivå ved havet, så er dette den rake motsetninga, for denne vegen går opp i 1000 meters høgde over havet! Mandagen bar turen til fjells!Utsikt ned mot "Strynedalen"
Her er Stryn Sommarskisenter, framleis litt snø igjen nederst, og snøbrettkøyrarar i aksjon. Ei stolheis tek dei mykje høgare opp til ein snøbre bak toppen. Flott ver og høg temperatur, sikkert kjekt å vere brettkøyrar i dag, men så smeltar sola på snøen også då........

Den AZURBLÅ fargen som vi såg ved havet i går, finn vi også her oppe på Norges tak, men ikkje fullt så fristande å ta eit bad her.........Blått i blått , med kvite kontrastar,.....lekkert!

Dette innlegget vart nesten som ei turistreklame, men slik er Vestlandet akkurat no. Så den som ikkje har vore i distriktet her, vil kanskje tenke på å ta seg ein tur hit???
Velkommen til den som kjem!


6 kommentarer:

Inger sa...

Ja vi bor i et utrolig fantastisk land. Føler varmen trenge seg helt inn i sjelen når jeg ser på bildene dine. Det er bare så utrolig vakkert. Kyst-Norge er bare flott med høye fjell som møter hav. Ha ei riktig fin uke, og takk for at du deler bilder.

Elin sa...

Fantastiske bilete frå Vestlandet på sitt beste! De får gjort og sett utruleg mykje i ferien, eg er heilt imponert!

MeyBiMe sa...

Å herlighet for en nyyydelig strand du viser!!!!!!
Her har vi aldri vært! Ser ut som dere hadde en nyyydelig dag!
Vakre bilder du viser :-)
Ha en fin dag i solen :-)

Prinsesse Elin sa...

FANTASTISK:o)

Anonym sa...

Heisann. En helgeklem på veg til deg, fra meg. Denne gjelder også neste helg, for da er eg på Santorini og kjem nok ikkje innom på besøk til deg :) Flotte bilder.
Klem fra Ronille

Anonym sa...

Så fine bilder du viser fram her:) Den stranda så jo utrolig herlig ut da. Bare så synd at det veldig fine været vårt blir borte nå :(
Kan ikke si jeg gleder meg så veldig... men jeg sliter litt med natta nå, vanskelig å sove i varmen så ok... :)

Kos deg i helgen :) det skal jeg!