laurdag 28. juni 2008

Namnlaus klematis?

Eg har ein klematis som eg har kjøpt på salg for nokre år sidan, namnløs men vakker! (typisk for salg at då er namnelappen vekk!) Til og med knoppane er nydelige der dei står og strekkjer seg oppover.



Nydelig mønster i kronblada! Fargespel frå lilla til grønt.


Eg har prøvd å finne ut namn på denne ut ifrå bilder, og det næraste eg kjem er Multiblue, men liknar ikkje heilt synest eg. Så dersom nokon kan hjelpe meg med namn på denne hadde det vore fint!


På denne danske sida, Clematis Danmark , finn ein bilder av mange klematisar. Lundhede er ei anna side med mykje god info også.







OPPDATERING 4.7.08: Denne engelske linken fekk eg frå hageflinke Eling , Clematis on the web Ho seier dette ikkje er Multiblue, så då fortsetter leitinga etter namnet.
Bildet under har eg teke i dag, slik ser den ut når knoppen i midten er nesten heilt utsprungen. Ser ut som ein ball, er 10-12 cm i diameter!

4 kommentarer:

Jorunn sa...

Jeg vet dessverre ikke navnet, men denne var bare lekker! Er et utrolig mangfold i klematis, alle slags farger, blomstring til forskjellige tider osv. Jeg har ikke klematis ennå, men har store planer om å skaffe meg noen ;0)

Meg sa...

Wow, så vakker den var. Kan dessverre ikke hjelpe deg med navn...men si ifra hvis du finner ut av det, den var bare kjempefin!

Anonym sa...

Kjempelekker klematis! Det er nok ingen Multiblue, desverre. Den kan likne litt i blomsterform, men fargen liknar ikkje. Multiblue er ganske mykje klarare blå.
Har du sett desse sidene: http://www.clematis.hull.ac.uk/new-clemalphasearch.cfm ?

Anonym sa...

Adressa i kommentaren over skulle være: www.clematis.hull.ac.uk