torsdag 12. juni 2008

Møbelomtrekking

Her i huset dukkar det opp stadig nye planer og prosjekt, så Julianns Tid vert utnytta heile tida. Eg prøver å sitje litt i ro i sofaen av og til og strikke, men då skjer det at eg blir sitjande å tenke medan eg strikkar, og vips, så har eg ikkje tid til å sitje i ro lenger, for eg har komt på noko som skal gjerast! Lurer på om nokon kjenner seg att???Mitt neste møbelprosjekt er å få trekt om 2 slike puffar med lyst stripa linstoff som eg har bestilt frå Stoff og Stil. Desse puffane er nokre gamle arvemøblar, dei er opprinnelig del av eit soveromsmøblement, Dei var trekte med eit tapetliknande plasttrekk, og var skikkelig "ufine"! No er det nokre år sidan eg trekte dei om med blått stoff, fargetrenden har endra seg og kattane mine har klora litt på dei, så no er det på tide å fornye litt.
Toppen på puffen er eit lok, så oppi er det fin lagerplass til blad mm. som samlar seg i ei stove.

Beina til puffane er eg litt i tvil om kva eg skal gjere med, må nok måle dei ein annan farge, mange av dei andre møblane i stova har brunbeisa bein. Syns det er litt kjedelig med jamn brunfarge, så om det er nokon som har eit godt tips om korleis eg kan få til ein brunfarge med glød i,....av oljemåling,.... så tek eg gjerne imot det!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Skal sei du får saker og ting unna. Eg er litt små sjuk for tida, så alt går litt tregt. Eg er ikkje verre enn at eg er på jobb. vi fisker frå land og har no fune to fantastiske fiske plasser. Fikk mykje der i fjor og. Fiskekaker av lyr kan anbefalast på det sterkaste.Har du fått med deg at det er loppemarked på Bryggja? Eg kunne ha tenkt meg en tur, men vi skal til Jølster å feire 1 årsdagen til klatremusa vår.Mallemor

Anna Lisa sa...

Ja denne blir fin når du har fått den trekkt om.
Ville bare innom for å ønske ei god helg!!
Klem

Anonym sa...

Heisann. Innom på helgebesøk for å ønske deg ei god helg Den siste veka har vore regnfull og kald, men no vil eg ha sol… Og her i bloggen din dufter det godt av blomster, te og nybaka brød :)Klem fra Ronille

Sissel sa...

Hei!Første gang jeg er innom her.Mye fint og spennende å lese/se.Vi har mye til felles ser jeg,både hest,hage,interiør mm!Tusen interesser og mye å gjøre!Samme arbeid har vi også forresten:)
Skal kikke innom igjen neste gang jeg er her inne ,ble veldig sent nå så må luske meg til sengs.

Anonym sa...

Kva med å legge bladgull på føtene? Meinar Panduro har noko slikt. Kan tenke meg at det vert tøft med dei ujevnhetane som er i føtene.

God helg!