onsdag 11. juni 2008

Maritim serveringsbrikke


Eg kom på at eg ikkje har teke fram den maritime serveringsbrikka mi. Denne kjøpte eg som souvenir i Grebbestad, ei lita kystperle sør for Strømstad.



I dag var eg innnom Europris, og der fann eg denne fine quilta brikka, til den fine prisen kr 25! Sjølv om eg syr ein del sjølv, så har eg knapt fått stoffet for denne prisen. Det var då eg kom på at denne kunne eg ha oppi den blå brikka mi som stod bortgøymd på kjøkkenet.
Syns at den passa godt oppi her! Og quiltinga var fin, ja perfekt vil eg påstå, men slik blir det når den er maskinlaga. Litt meir liv over ting som ein syr sjølv då, kanskje kan eg bruke denne som inspirasjon ein gong.
Har også hatt besøk av ei venninne i dag, ho kom med denne fine rosa til meg. Ei "lykke-til-med-eksamen-rose" sa ho, og det var veldig kjekt at ho tenkte på det, tusen takk!




No er rosa plassert i den tynne sølvvasen som eg kjøpte på loppemarked i april (sjå innlegg 28.4), då skreiv eg at eg skulle ha den til rosevase, og no er den herved innvia. Passa flott og står stødig!




5 kommentarer:

Anonym sa...

Hei hei :) Sånne fine quilter skal man bare kjøpe synes jeg! Det var utrolig fin pris da, 25 kr!
Jeg fikk kjøpt putetrekk som er quiltesydd til 99 kr og den er jeg så glad i :) Ligger i senga vår :)
Ha en fin dag! Nå tror jeg det blir regn i kveld, endelig!

Anna Lisa sa...

Åh...den brikka du kjøpte på Europris var kjempe søt...Skulla tatt turen dit...men...tror eg lar det vente litt...
Er ikkje så veldig sprek i dag etter en "grundig" undersøkelse hos jordmor før i dag:)
Vi får sjå kva den undersøkelsen setter i gang...tørr nesten ikkje å håpe..
Ha en fin kveld.
Klem

Anna Lisa sa...

hehe...hadde egentlig ikkje plana om å blogge imorgå da...men spørs om eg må gje eit livstegn frå meg så du ikkje trur noko er på gang...
Ja, vi får sjå...håpar inderlig at noke skjer til kvelden.... Hadde egentlig ikkje lyst å få den 12, pga då fyller tantegutten min 2 år...Men slikt bestemmer man jo aldri..Jnetene mine har bursdag 15 og 16 juni...bare det ikkje landar på deira sine dagar...Hadde vore stilig om babyen kon 14 juni:)
Tida får vise:)
Klem!!

Anna Lisa sa...

Go morgen...
Skulle bare innom for å si at eg er her ennå...Ingenting som skjedde i natt nei...
Satsar på å få på lørdag 14 juni.. For Tuva blir 3 år 15 juni og Anika fyller 15 år den 16 juni:)
Hadde vore artig:)
Nå er barna dratt på skulen...så nå går mor og legger seg litt nedpå igjen;)
Vi "snakkes"
Ha en fin dag!
Klem

Anna Lisa sa...

Jada...eg ser eg har sagt det samme i dag osm i går...Så forvirra eg er for tida...
Du tror eg er gal...hehe..
Både trøtt og fått tidlig ammetåke:)..hehehe