søndag 8. juni 2008

Fjøsrock med Åge!

Åge Aleksandersen som fjøsrockar!!! Fredag kveld var eg på århundrets rockekonsert! I ein kjempefjøs!! Ikkje langt frå der eg bur er det bygd ein stor fellesfjøs, den er på 1750 kvm og er visst den største i fylket vårt. I sammenheng med opning av fjøsen, så har dei 5 bøndene komt på den sprø ideen om å ha rockekonsert i den. Det starta visst som ein spøk seier dei, men etter kvart vart det alvor. Og det er vi jammen glade for! Denne konserten vart heilt spesiell, og som Åge sa sjølv har han spelt over alt i dette landet, men aldri i ein fjøs!!
Det må også nemnast at Valkyrien Allstars hadde ein times konsert før Åge, men eg har ikkje bilder frå den konserten. (...brukte hendene litt til å holde for øyrene, for det var av og til ubehagelig høg lyd!!)
Les meir om konserten her : NRK Sogn og Fjordane
Det var ca 1500 til stades i fjøsen. Der var ikkje laga til for publikum , men for KYR!! Så vi gjekk i gjødselrenner, sat og stod på bås, men hadde det aldeles fortreffelig!!



Eg vart mektig imponert over dei utrulege lys og bildeeffektane på scena. Så effektfullt, variert i lys og motiv, som de ser her er det hjerter til ein meir romantisk song. Kjempeprofft show og tydelig godt innøvd.
Og stemninga??? Den var i minst 100 både på scena og blant publikum!




Og trøkket i musikken...... megatrøkk! Og slik heldt konserten på i nesten 2 timar utan pause, heilt utruleg kondis på dei karane!
Takk for ei kjempeoppleving, dette kunne eg gladelig teke i reprise!!!!

4 kommentarer:

Husflidstausa sa...

Eg ser det at eg har gått glipp av noko stort. Hadde høyrt om begivenheten på førehand, men ikkje at dei kunne ta imot så maaannnnge mennesker. Det var nok ei kjempeoppleving. Har vore på konsert med Åge Aleksandersen eg og, på Hotell Aleksandra for mange år sidan. Var bra det og, men......

Anonym sa...

Heilt enig Juliann, det var fantastisk. Ein opplevelse å vere der!

Karna sa...

Så gøy, lurt å bruke fjøset til konserter, det blir som oftest mye bedre stemning på slike steder...
he,he...

Anna Lisa sa...

Heisann!!
Veit du ka...at eg koste meg med sol og varme...og var blid og avslappa...men i går..då kom regnet og alt ble bare mørkt g tungt...eg ble kjempe sur..hehe..
Så det har ikkje plaga meg at det har vore varmt..eg har virkelig kosa meg. Nå er eg bare lei..
Sånn er det...rar eg:)
Ha en koselig dag, og takk for at du titter innom meg. Det kjem tilstandsrapport etterkvart. Enten om eg går ennå flere daga over eller om eg får...Klem klem