torsdag 5. juni 2008

Etter solnedgang,........

.........er det endelig tid til å blogge! På slike fine dagar som vi har her i vest no, så bur vi ute frå morgen til kveld. Frukosten tek vi sjølvsagt ute òg, den smakar herlig i lag med solstrålar og musikk frå radioen.Mmmmm, ei grov skive med Brie og tomat,.... snadder!

Ein nyinnkjøpt Brachycome (uten blomster enno) står og skjuler ei lita Dronning Ingrid. Men dei skal nok bli fine i lag når dei begynner å blomstre.
Morgenhjørnet mitt.
Over meg heng ein mini-Surfina, berre få blomster enno, men med god gjødsling så skal den nok bli frodig når det lir på.



Ingen kommentarer: