tysdag 13. mai 2008

Eg og Dronning Ingrid!

Det er fine dagar no for to "fine" damer,- eg og Dronning Ingrid! Sola skin på oss på verandaen, vi kjenner varmen langt inn i sjela, og nyt det gode vårveret.
Vi sit der tett i tett og kikar på kvarandre og nyt stillheten. Dronning Ingrid konsentrerer seg om veksten sin (håpar eg, ho er berre stikling enno, men skal bli dronning når ho blir stor!) og eg sit konsentrert med ei pensumbok og les.
Eg går på ei vidareutdanning ved Høgskulen i Sogndal som heiter IKT i pedagogisk arbeid med barn, eit lærerikt og nyttig studie synest eg.
Eksamen er om vel ein månad, så det er litt lurt å ha lest alt pensum, både det lettleste og det som er litt verre!
Veret, kaffien og sola gjer sitt til at det er berre koselig å ha seg ei lesestund i bøkene.

3 kommentarer:

Mia sa...

Det ser ut som at båre du og dronning ingrid har det helt fortreffelig i vårsolen! Måtte dere få mange slike dager til.

Tusen takk til deg, Juliann, for dine herlige kommentarer i bloggen min den siste tiden. Du skal vite at jeg setter stor pris på dem, og at de gode ordene dine varmet virkelig.

Nyperosa sa...

Hei,

mine "Prinsar"
dør lenge før
dei rekk å bli
Dronninger.

Eg får vel sette
dei ut for å sjå
om dei vil trivast
betre der : )

Au revoir.

STRIKKEMOR(O) sa...

Det var ein flott tulipan! Dronning Ingrid blir sikkert fin og - ser ut til at ho får godt stell! Det er bra at du nyt den fine våren her på Vestlandet, trass i at du har eksamen å tenke på. Ha ei fin 17-mai helg!