søndag 18. mai 2008

Award!

Det er alltid koselig å få mykje besøk i bloggen, men endå kjekkare er det å få vite at nokon set ekstra pris på det ein gjer i denne bloggeverda.


Har no fått ein kjekk Award av min gode venn Haldis Quilteblogg, tusen takk, kjekt å få og fin å sjå på også!!


Ein slik award skal ein ikkje berre gøyme og ha sjølv, men som ein stafett skal den gå vidare til bloggarar som eg set pris på. Eg har valt å vere litt Skandinavisk i mine val, og dei eg har valt ut er 3 som eg besøker omtrent dagleg.



Ei kreativ dame som lagar quilta ting som av og til er nye for oss norske quiltarar. Ho lagar også mange egne design har eg sett, og ho er veldig flink med fargar. Fortsett slik Anni!



Denne dama tok det store steget i fjor og flytta med familien sin til et drømmested i Østerlen, ein gammal gard i Skåne med frisk pust frå havet. Her viser ho korleis ho trives og gradvis pusser opp huset i sin egen stil. Ein nytelse å besøke deg Jenny!


Emmeline i Norge: Det friskaste pustet i Norge!!! Denne dama er utruleg, ho må berre opplevast. Og det beste er at ho opplever dei raraste ting og får omtala det i bloggen sin så vi av og til berre skrattler av det ho fortel!! Men ho er ikkje berre ein god forteljar, ho er også veldig flink med interiør. Ho skaper sin eigen stil og har stadig nye prosjekt på gang,..... som ho overrasker den Emmelinske familie med.

2 kommentarer:

pip sa...

Tusind tak for de søde ord og tak for awarden, glad at du syntes om min blog og det jeg laver, du må ha en god søndag.

My White Cottage sa...

Åh, gulle, gulle dig! Vilka rara ord... Jag blir verkligen glad för utmärkelsen!!!

Önskar dig en fortsatt härlig dag!
Många kramar Jenny