måndag 28. april 2008

Loppekupp!!!

I går var eg på årets første loppemarked! Vart så glad då eg såg det var annonsert i avisa, for det er ikkje ofte det skjer noko slikt her eg bur. Så for å være sikker på å få sjå det meste, så stilte eg opp på parkeringsplassen 20 min før det opna,...... klarte å vente til 5 min før annonsert åpning, då gjekk eg inn, men spurde om det var ok å komme inn først! Kjøpte 2 fat og ei skål av dette, "Scottish lochs", laga i England. Dette var veldig fint i glasuren, skinande blankt! Der stod 2 koppar med skål, men dei var begge skada, så dei let eg stå att.

Barsettet i bakgrunnen var ubrukt og konjakk-glaset til venstre hadde bilde av Skibladner og kosta berre kr 5! Den smale sølv-vasen (ikkje ekte) skal eg ha til å ha ei enkel rose i, skal sikkert bli veldig fint til sommaren.
Ei ekte Johnny Walker-mugge, til Whiskyvatnet! Denne er laga på Seton Pottery, antakelig i England. 20 kr for den må ein vel kalle eit lite kupp!
Alt utstyr for ei runde whisky er no på plass. 25 cent står det på kvar side av Whiskey, ---eg betalte 5 kr for dette vesle speilet på ca 10x20 cm. Fargen på speilet??? De ser det gulna takpanelet mitt!
Denne karaffelen var berre heilt lekker, veit ikkje kor verdifull den er, men for meg var den heilt perfekt. Det står 0,5 l under, så den er litt småsøt!


Speil, ca 0,5 m høgt og 0,3 bredt. Lurte først på om eg skal måle det kvitt, men eg har ein del brune møbler også, så kanskje det er lurt å ha ei blanding av fargane.

Desse lysestakane er dei eg er aller mest glad for, dei er av tre og er ca 35 cm høge. Kjempelekre, passar godt til interiøret i stova.

Ei brukandes vatnekanne frå Miljøgården, blir sikkert kjekt å ha denne ute på verandaen i sommar.

Sist eg var på loppemarked, så fann eg ein boks frå Tuppervare, og jammen fann eg ein denne gongen også. Dette er heilt sikkert ein ny modell, for den har ventilar på eine kortsida. Den var lang og smal, så eg lurte litt på kva eg skulle bruke denne til. Men det ordna seg, for eg kom plutselig på at dette kunne være ein brødboks, den har plass til eit heilt brød oppi.


Eg har vel all grunn til å være fornøgd med desse kjøpa?

7 kommentarer:

Torunn sa...

Du har all mulig grunn til å være fornøyd med disse kjøpa, ja! Her var det mye fint :-)

Ønsker deg en flott kveld!

Lena sa...

Hei du!
Jammen har du fått tak i masse fine funn! Den vannmugga var jo helt genial...
Den boksen fra TW er en boks til grønnsaker. De hullene på siden er til utlufting av kondens. Husker ikke helt hvor mye man skal lufte til gulerøtter kontra stangselleri - men det kan jeg finne ut for deg! Det er da ikke en brødboks - for den er ikke vakumtett... Kanskje du kan sjekke katalogen på nett : www.tupperware.no og finne det ut der?

pip sa...

Så hyggelig med et loppemarked og fine ting du har hjembragt, kan specielet godt lide den lille karaffel, den er bare sød.

Husflidstausa sa...

Den lille karaffelen var nydelig.

krinkelkroken sa...

Flotte loppefunn;) Loppis er GØY!!!!
Likte veldig godt speilet:)
TW boksen er til grønnsaker, har en slik selv, bare kvadratisk;)
Ha en herlig uke:)

Linda sa...

Hei!Masse flotte loppefunn.
Kos å gå på loppemarked,noe med stemningen og folka som er på "jakt".Ha en fin helg.Hilsen Linda :))

Anonym sa...

Heisann. Innom for å ønske deg ei fin helg. Masse flotte lopper du har funnet.
Klem fra Ronille