søndag 2. mars 2008

50 ÅR!!!

Hurra for mine foreldre, 1. mars hadde dei vore gifte i 50 år! Gullbryllaup! Eg har vore i gullbryllaup ein gong før, då var det mine besteforeldre som feira dagen, eg tykte dei var veldig gamle då!!! Men som eg sa til mor mi i går, - "de virkar ikkje så gamle som besteforeldra mine var".


Mor mi var 21 år då ho gifta seg, og hadde dåtidas mote i brudebukettar.


Brudeslør med rosa nellikar.



Eg hadde planlagt at vi syskena skulle gje dei ein kopi av brudebuketten, og laurdag la eg i veg til blomsterbutikken for å få laga ein bukett. Etterkvart oppdaga eg at eg burde ha bestilt blomster på forhånd, slik at eg var sikker på å få det eg ville ha, for store rosa nellikar var ikkje råd å finne. Heller ikkje avskorne brudeslør! Så då er det bra eg er ein optimist som likar å vere kreativ og prøve sjølv.



Det enda med at eg kjøpte ein potteplante med brudeslør, den einaste som var til sals i kommunen!! Rosa greinnellikar og litt grønt vart sett saman til ein foreløpig bukett, og så drog eg heim for å vere brudeblomster-dekoratør.



Kjøpte med meg ei nydelig grårosa silkesløyfe, eit gullhjerte av streng og fin cellofanplast til bukettar. Litt spent var eg på kor dette ville gå, ikkje kvar månad eg har ferske blomster å lage bukettar av!Og slik vart den ferdige buketten!



10 kommentarer:

Anonym sa...

Du er berre dyktig Juliann.Nydelig bukett.Presangen gav eg opp,er ikkje ofte eg er rådlaus.Det var eg i går,skeive og buede linjer er ikkje for meg.

Elin sa...

Så fint det blei! Kvifor ikkje vise heile biletet av brudeparet? Og kommentaren om å vere gamle: svigermor mi var 80 no om dagen, ei veninne sa til henne at før var 80-åringane veldig gamle, men slik er det ikkje no, hehe...
Ha ei fin veke!

annemariesquilt sa...

Så mye omtanke du har lagt i dette. Buketten ble helt nyderlig....

Gry sa...

Mor og far blev nok glade og overraska! En sånn flott bukett du lagde, jeg er så imponert. Er det sikkert at du ikke er florist i grunnen? Jeg kunne godt tenke meg å handla av deg om du var en :-)
Nydelig....

Nå har vi bytta campingvogna vår. Jeg kan godt beskrive den, men du kan se et inlegg hos meg for ett par dager siden. De bildene som jeg viser er fra annonsen på nettet, så jeg har ikke stäsja noe enda...hi,hi...skal forsöke å la väre. Det er ei campingvogn ikke noe rullende dokkehjem!

Ha en fin start på ei ny uke i morra! Klem Gry

elin1976 sa...

Det der er veeeeldig lenge! Gratulerer med foreldre som skjønt det! Bøyer meg i støvet:O)

Karna sa...

Nydelig kopi av brudebuketten, vil tro at denne falt i smak ja! Lurt kommet på, og tøff som startet på dette prosjektet, men du kan jo så hvorfor ikke!

My White Cottage sa...

Grattis till dina föräldrar! Vilken underbart fin bukett du gjort, förstår att de blev glada för den!

Kramar Jenny

STRIKKEMOR(O) sa...

Buketten blei nydeleg!

Emmeline sa...

For et fantastisk prosjekt dette var, og resultatet må du bare være stolt av...Det ble knallbra syns jeg;) Sitter her og smiler for meg selv, jammen finnes det mange greie folk her i Bloglandia. Mine foreldre hadde 50 års bryllupsdag i fjor.. Vi hadde satt inn bilde i avisen og min far var overveldende glad for det lille bildet. Han bar avisen rundt overalt i flere dager etterpå, hehehe:)
Du kan jammen være stolt over resultatet når det gjalt buketten Juliann, syns du er flink til å få det til uansett hva det gjelder:) Ha en deilig tirsdag!

Aisha sa...

Beautiful photos! :)