tysdag 12. februar 2008

I går og i dag!


Dagen i går vart fort kort! Eg skulle lage eit innlegg til, men feberen slo meg ut. Først frys ein så ein skjelv, kler på seg i massevis, og når feberen blir for høg er ein tablett redninga. Pes! Då blir ein plutselig for varm når tabletten byrjar å virke, ein nærmast renn vekk! Så i går kveld passerte målaren min 40, og det var berre å holde sofaen med selskap. Eg var heime frå jobben i går, så dagen gjekk med til ulike former for kvilestillingar!
Her er ei av dei!


Eg prøvde å gjere noko kreativt der eg sat, men det vart berre eit opplegg på 310 m, og så var det slutt.


Eg har alltid kosa meg med radioen, så eg sat og skifta mellom ulike kanalar og fekk med meg litt av kvart. Litt jazz, litt klassisk, nokre Golden Oldies, P4 og herlige Margrete Holt med " Det fikser P1" Det er år og dag sia eg har høyrt det programmet, og det er alltid noko positivt i det programmet.
Morgenskyer med gullkantar!

Eg er heime i dag òg, fremdeles med høg feber, så eg får sjå kva eg får ut av denne dagen. Veret er fint ute, så eg gjer kanskje som i går: Set meg i godstolen og let sola varme meg. Og så får eg kikke på litt bloggar innimellom.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hei der hvis du ser på spisebrikka med Kaffe ser du den nye epost adressa under.Bokstavane på denne brikka er teikna og klipt ut på frysepapir og mala med oljekritt
ingun.vaksdal@epost.noHeimesida er ute...helsing Ingun

Anonym sa...

Forresten god bedring d.s.

Gry sa...

Vil önske deg en god bedring! 40 i feber er mye for en voksen kropp.... Pass på å få i deg mye vann :-)

Kjempefine bilder du har tatt av himmelen, virkelig guldkant på de alltså.

Hadde missa innlegget under og må bare si at du har skaffa deg en fin pelargon. Jeg kjöpte selv en Engelsk pelargon, vit, for ett par uker siden. Dessverre har den gitt opp allerede... Vet ikke helt hva jeg gjorde feil, men jeg tror at jeg vanna den for mye en av de förste dagene. Lykke til med din, og jeg tar gjerne imot råd om du har bedre lykke enn meg ;-) Vill gjerne kjöpe med en till.

Ha en fin uke! Klem Gry

Anonym sa...

Håper du tek det med ro i nokre dagar no og bare pleier deg sjølv. Ønskjer deg riktig god bedring:-)) (Her over vegen er det far sjølv som har fått sykja.)

My White Cottage sa...

Nej, vad trist att du är sjuk!! Hoppas du kryar på dig snabbt!

Kikar in för att önska dig en mysig Alla Hjärtans dag, hoppas den kan bli mysig trots att du är sjuk... :)

Massor av kramar från Jenny