søndag 24. februar 2008

Å FINNE på FINN!

Søndagskos foran pcen, Juliann er fornøgd i dag, les under kvifor!!


Dette er historia om Finn som har alt, nærare bestemt Finn.no. Og at han har alt (og litt til kanskje), det er jammen sikkert. For eit par dagar sidan tok eg meg ein tur innom, kanskje mest for å surfe og å sjå kva som folk vil selge, men også for å sjå etter ein spesiell stol.

I bloggen til Karnas hus kan vi sjå korleis ho tryllar ein gammal sofa om til eit stilfullt møbel, berre heilt imponerande å sjå kva ho får til. I fleire andre interiørbloggar har eg sett at kombinasjonar av gamle rokokkomøblar og moderne interiør er som ein prikk over I-en. Då hjelper det lite å ha lyst å prøve på noko slikt når ein ikkje har så mykje som ein gammal krakk! Men det var ein stol eg hadde lyst på!



Så i tankar om å finne noko hos Finn har eg vore innom og kikka både fredagen og laurdagen. I all surfinga mi har eg no erfart ein ting,- det er kjempelurt å bu ved sida av mølla, då kjem ein først om det trengs! Iallefall er det bra å ha nokon i familien som bur ganske nær Norges navle, for etter mi erfaring så er det mykje godbitar å finne i det området.


Eg fann fort ut at ved å søke etter stol, så fekk eg nøyaktige søk. Og eg oppdaga at ute i verda er det nokon som legg inn nye annonser heile tida. Det må ein ikkje gå glipp av må vite, så det enda med at dette vart veldig spennande å sjå kva som dukka opp, så eg var innom og sende søk mot Finn med jamne mellomrom.



Farlege saker dette, akkurat som å gå inn på ein butikk, - "berre for å sjå",- og så kjem ein utatt med noko som ikkje var planlagt då ein gjekk inn. Slik var det at eg fredagsettermiddagen dumpa borti nokre møblar som kunne vere "kjekt å ha", iallefall i forteltet til campingvogna!! Ein kar som skulle flytte ville kvitte seg med møblar fort og billig, og Juliann var rask med mobilen (10 min etter at annonsa var lagt ut!) og sende sms og var interessert!! Dette var i Oslo, men Juliann bur på Vestlandet........ veldig langt frå mekka då! Ja kva gjer ein så? Jau, i det eg stod høgt oppe på eit stillas og vaska ein vegg i stova, så ringer karen og det endar med at Juliann reserverer møblane til laurdag kl 15!


Deretter er gode råd dyre, vel for meg vart dei heller billige, for etter ein rask telefon til son min som bur i Ski, var hentinga avklart (og teke mål av bilen, for møblane skulle vere med INNE i bilen, ein Volvo stasjonsvogn).


Så for kr 300 vart denne "sommargruppa" mi, sjølv om den er langt unna meg enno, men det er vel sommaren også. Eg må kanskje trekke om putene, så eg tek gjerne imot tips om kva stoff og farge eg skal bruke, evt. kvar eg får kjøpt det.

Denne historia er likevel ikkje slutt enno, for denne første delen handla om å handle noko som ein ikkje hadde planlagt å handle, akkurat som dama i radioreklama til "Europris", ho kjøpte vedbrikettar på ein Europris-butikk i syden(visste ikkje at der var det då!!), fordi det var så BILLIG!

Eg fann mange slike fine Rokokkostolar på søka mine, men nokre var selde, nokre var dyre, og ein kar ville vente på høgare bud. Så då fann eg ut at ein får ikkje til alt på ein dag, det kan vere lurt å vere tålmodig! Men skjebnen ville at eg skulle få meg ein stol denne helga!! For blant mange møblar som ei familie ville selge unna fort, også dei pga. flytting, så skulle dei selge TELEFONSTOLEN sin, ein rokokkostol med broderi for kr 150!!! Slå den! Billegare enn på loppemarked!Og dei ville selge til den som først kom på døra!! Då hjalp det lite at eg også denne gongen ringde berre 10 min etter at annonsa kom på nett, for eg bur jo laaaangt frå MØLLA! Men det er lov å prøve seg, så eg fekk avtale om å reservere den til kl 12 i dag. .........for den stakkars sonen min måtte jo få beskjed om at det var endå ein stol å hente!!! (og til å fylle opp den vesle boda si i hybelleiligheta!!! hi hi) Men son til mor er ein greiing, mor lovde nesten å sende nysteikte bollar i posten til han om han fiksa dette!



For å avslutte denne lange stolhistoria, så fekk eg altså telefon kl 13.30 om at no var Volvoen smekkfull av stolar til den pene sum av kr 450!!! Gjett om Juliann var fornøgd då!! Men eg måtte love son min om at eg ikkje måtte finne meir hos Finn på ei stund,- han har det litt fullt for tida!!

10 kommentarer:

Elin sa...

Du må ikkje kome med slike tips, Juliann, dette er no meir enn freistandes. Sonen din har no visst fått ei god oppseding, så tolmodig som han er!!
Elles så jobbar du vel med pelagonia-stiklingar? Du veit vel at det er på veksande måne i februar ein gjer det, men huff, no er han visst på hell...

Emmeline sa...

Så GØY:) Har smilt meg gjennom hele dette innlegget ditt... SÅ kjekt at du BÅDE har funnet det du ville ha, og i tillegg har fått det KNALLBILLIG.
Det prosjektet til Karna har nok inspirert flere enn deg der ute. Vips så er alle klar for rokokkostoler. Jeg skjønner det iallefall godt for stolene til Karna ble knallfine, men FOR et arbeid. Det skal bli gøy å se hvordan stolen din blir seende ut?? Kjempespennende prosjekt både for deg og for meg som skal følge med videre:D Ha en kos tirsdagskveld!

Gry sa...

Så heldig du var som fant den fine gruppa og attpåtill en superfin stol! Billig også, og det er ikke å forakte, he,he... Den stolen er nok veldig god å sitte i. Karmstoler er litt ekstra stas, syns jeg. Jeg har ikke värt inne hos Karna, men jeg får nok gjöre meg et besök.

Du må vise hvordan möblene blir etter litt oppussing hos deg. Gleder meg!

Det var da en veldig snill (og veloppdragen, fniss) sönn du har. Har du oppskrifta? Hi,hi..

Ha en fin uke! Klem Gry

P.S. vi har värt og reservert en campingvogn idag!!! Skulle få med helt nytt telt på kjöpet. Spennende. D.S.

Zizzi Molde sa...

Hei, og takk for hilsen hos meg. Alltid kjekt å hilse på nye bloggere, og du var da intet unntak. Flott blogg du har, og mye spennende du iser frem. Det blir moro å følge stolhistorien, og sønnen din må jo være "guten hinnar mor". Ha en finfin kveld videre, vi ses!

Anonym sa...

Du har visst gjordt eit kjempekupp! Eg såg ein stol i samme stil som det siste biletet i ein nettbutikk. Der kosta den fleire tusen! Skjønnar at det er bra å stå på godfot med Finn....

Karna sa...

He, he det bra...da har altså rokokken fått sin renessanse...he,he..lykke til med jakten!
God helg!

liven sa...

Hei:O) Jammen har du vært heldig!! De rokokko stolene er vel egentlig svindyre!!
Faller for fristelsen inne på Finn jeg også! Men prøver å holde meg til rundt Bergensområdet da. Er egentlig mest praktisk for meg:O)

Anonym sa...

Heisann. Innom og titter, og for å ønske deg ei god helg :)
Ronille

Klarafina sa...

Jeg fant mange hobbybøker til en billig penge sist jeg var innom FINN. Mye å finne om man bare tar seg tid.

Anonym sa...

Sånne rokokkostoler har mine foreldre to stykker av, de har liksom alltid vært der... Farmor broderte trekkene for mange herrens år siden, artig at de har blitt moderne:)