søndag 23. desember 2007

No kan jula komme!

I dag er siste rest av julegåver blitt ferdige. Sticheryen er blitt montert som hjerte og som veggbilde, synest dei vart fine på kvar sin måte.







2 nye kuvertbrikker er også blitt til i dag, den med 3 hjerter er mønster henta frå boka "Lappesprell" av Hanne Asplin Firman


Rundt i huset blir det meir og meir jul, skal vise litt her no.




Denne stjerna har eg kjøpt hos Kremmerhuset, den er ca 20 cm i diam. og består av speil på alle flatene. Utruleg flott effekt!

Sølvkulene har eg kjøpt hos Bohus, dei er sikkert laga for å henge i juletreet, men eg synest dei var finast som ein enkel dekorasjon i vinduet.

(Altfor blanke kuler, for fotoapparatet mitt viser!!!!)



1 kommentar:

Gunhild sa...

Skal si du er kreativ. Titter innom her for å ønske deg god jul!