I dag er siste rest av julegåver blitt ferdige. Sticheryen er blitt montert som hjerte og som veggbilde, synest dei vart fine på kvar sin måte.
2 nye kuvertbrikker er også blitt til i dag, den med
3 hjerter er mønster henta frå boka
"Lappesprell" av Hanne Asplin FirmanRundt i huset blir det meir og meir jul, skal vise litt her no.
Denne stjerna har eg kjøpt hos Kremmerhuset, den er ca 20 cm i diam. og består av speil på alle flatene. Utruleg flott effekt!
Sølvkulene har eg kjøpt hos Bohus, dei er sikkert laga for å henge i juletreet, men eg synest dei var finast som ein enkel dekorasjon i vinduet.
(Altfor blanke kuler, for fotoapparatet mitt viser!!!!)
1 kommentar:
Skal si du er kreativ. Titter innom her for å ønske deg god jul!
Legg inn en kommentar